Øvre, Midtre og Nedre Demmevatnet er tre vatn i Simavassdraget, like vest for Hardangerjøkulen, i Eidfjord kommune i Vestland fylke. Vatna er høvesvis 1292, 1291 og 1239 meter over havet.

Nedre Demmevatnet vart tidlegare demt opp av Hardangerjøkulens bretunge Rembesdalsskåka, og på seinsumaren kvart år vart vatna tømde ved at vatnet lyfta isfoten opp, rann ned i Rembesdalsvatnet (905–860 meter over havet) og forårsaka flaum i Simadalen. For å få slutt på flaumen, vart det i 1899 laga ein 380 meter lang tunnel som avlaup frå vatna. Som fylgje av tilstopping av tunnelen og brearmens smelting vart det i 1937 ein ny storflaum som reiv med seg 20 hus i Simadalen. I 1938 vart difor ein ny tunnel på 655 meter utsprengd, og ny flaum vart med det hindra i mange tiår.

I laupet av nokre timar om morgonen 25. august 2014 skjedde det likevel ein ny storflaum. 2 milliardar liter vatn hadde bana seg veg under bretunga og hamna i Rembesdalsvatnet. Heldigvis forårsaka ikkje flaumen denne gongen nokon skade, men kunne blitt dramatisk dersom det hadde vore menneske til stades idet jøkullaupen gjekk.

Demmevatna inngår i nedslagsfeltet for Sima kraftverk (Lang-Sima og Sy-Sima).

No er brearmen så avsmelta at han endar lenger oppe i fjellsida, og vatnet frå Demmevatna kjem normalt ut over brefoten. Den Norske Turistforening har hytte på nordsida av Rembesdalsskåki, Demmevasshytta.

Kart

Demmevatnet
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg