Faktaboks

Innbyggjartal
1965 (SSB, 2023)
Landareal
2 km²
Tettstadsnummer
1711 Fagernes
Fagernes

Fagernes sett frå vest, med Strondafjorden til høgre.

Av /KF-arkiv ※.

Fagernes er ein tettstad i Nord-Aurdal kommune i Innlandet. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 2 km², og har 1965 innbyggjarar (2023).

Fagernes er administrasjonssenter i Nord-Aurdal kommune, og er eit regionsenter for Valdres. Fagernes ligg ved Neselva, der vassdrag frå Øystre Slidre renn ut i Veslefjorden og vidare ut i Strondafjorden. Fagernes fekk bystatus etter kommunalt vedtak i 2007.

Samferdsle

Folketal 2000-2023
Folketalet har auka med 10 % sia 2000.
Folketal 2000-2023
Lisens: CC BY SA 3.0

Fagernes er eit godt utbygd kommunikasjonssenter. Det er bussamband gjennom Vestre Slidre til Lærdal og Årdal, gjennom Øystre Slidre og over Valdresflye til Otta, over Tonsåsen til Dokka og Gjøvik/Lillehammer, gjennom Sør-Aurdal til Hønefoss og Oslo samt over fjellet i sør til Gol.

Fagernes lufthavn, Leirin, vart lagt ned i 2018. Fagernes var endestasjon på Valdresbanen.

Kultur

Fagernes har stor turisttrafikk og er eit viktig handels- og administrasjonssenter for alle bygdene i Valdres. På Fagernes ligg Valdres vidaregåande skule og Valdres folkehøgskule; staden har òg desentralisert høgskuletilbod for lærarutdanning. Avisa Valdres blir gjeve ut på Fagernes.

Valdres Folkemuseum på Storøya i Strondafjorden har fine samlingar av tekstiler, sølv, folkemusikkinstrument og jaktvåpen, dessutan geitestøl og høgfjellsmuseum. Norsk institutt for bunad og folkedrakt er ein del av Valdresmusea. Her er Jørn Hilme-stemnet blitt arrangert kvart år sidan 1960, og er såleis den eldste folkemusikkfestivalen i landet. Valdres Sommersymfoni og Norsk Rakfiskfestival blir òg arrangert på Fagernes.

Tingnes kyrkje mellom Fagernes og Leira er soknekyrkje for begge tettstadene. Kyrkja er bygd i 1972 som ei typisk arbeidskyrkje, og har ein trekanta grunnplan. Kyrkja er teikna av Karl Stenersen.

Kart

Fagernes
Fagernes
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur