Faktaboks

Offisielt namn
VALDRESMUSEA AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Fagernes
Stifta
14.06.2006
Dagleg leiar
Ole Bråten
Styreleiar
Odd Erik Holden
Valdres Folkemuseum er eit av dei største friluftsmusea i Noreg, og ligg på ei halvøy i Strandefjorden ved Fagernes. Museet vart etablert i 1901 og omfattar over 100 bygningar og ei samling på rundt 27 000 gjenstandar.
Valdres folkemuseum
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Frå Norsk institutt for bunad og folkedrakt si bunadutstilling i Valdresmusea på Fagernes.

Bunadutstilling
Av /Norsk institutt for bunad og folkedrakt.

Valdresmusea er eit konsolidert museum for Valdres som vart etablert i 2006.

Museet består av Valdres Folkemuseum, Bagn Bygdesamling, Bautahaugen Samlinger, Gardbergfeltet og Bagnsbergatn. I tillegg har museet sidan 2008 òg hatt ansvar for drifta av Norsk institutt for bunad og folkedrakt. Museet er eit aksjeselskap med hovudkontor på Fagernes.

Verksemd

Valdresmusea arbeider med å bevare og formidle norsk tradisjonskultur innan folkemusikk, dans, bunader, matkultur og byggjeskikk. Museet samarbeider med ulike aktørar for å sikre sikre gamle handverkstradisjonar og framtida for langeleiken, hardingfela og dansen.

Samlingane og utstillingane til museet viser mellom anna norsk folkemusikk, folkedans, bunader, musikkinstrument og stølskultur. Besøkjande kan òg lære om eldre handverk og oppleve utstillingar om lokal matkultur, byggjeskikk og kulturlandskap. Ein del av samlinga blir vist i DigitaltMuseum.

Museumsavdelingar

Valdresmusea har museum og besøksstader i fleire kommunar i Valdres-regionen. Musea inkluderer:

  • Valdres Folkemuseum er eit av dei største friluftsmusea i Noreg, og ligg på ei halvøy i Strandefjorden ved Fagernes. Museet vart etablert i 1901 og omfattar over 100 bygningar og ei samling på rundt 27 000 gjenstandar. Velkomstbygget som stod ferdig i 2010 inneheld mellom anna museumskafé, utstillingar, festsal med konsertflygel og museumsmagasin.
  • Bagn Bygdesamling, eit museum i Sør-Aurdal som vart etablert i 1920. Museet omfattar 17 og rundt 1500 gjenstandar.
  • Bautahaugen Samlinger, eit friluftsmuseum Hedalen i Sør-Aurdal som rommar 19 antikvariske bygningar med gjenstandar frå lokalområdet.
  • Bagnsbergatn, eit nasjonalt krigsminne som ligg i Sør-Aurdal og vart innvigd av kong Olav 5. i 1986. Staden inkluderer fem hus og er tilgjengeleg for besøkjande heile året.
  • Gardbergfeltet, eit stort kulturminneområde Vestre Slidre som består rundt tusen gravrøysar og meir enn 900 funn frå romersk jernalder til rundt 800 evt. Staden inneheld òg spor etter jordbruk og husdyrhald gjennom fleire tusen år.
  • Norsk institutt for bunad og folkedrakt, eit nasjonalt kompetansesenter på Fagernes som arbeider med forsking, dokumentasjon og formidling av folkedrakt og bunad. Senteret vart etablert i 1947 og fekk sitt noverande namn i 2010.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Faktaboks

Sektorkode
6500 Kommuneforvaltningen
Næringskode(r)
91.212 Drift av kulturhistoriske museer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg