Faktaboks

Suezkanalen

Qanāt al-Suways på arabisk.

Uttale

suezkanalen

Land

Egypt

Byar

Port Said

Ismailia

Lengd
193,3 km

Suezkanalen går mellom Port Said ved Middelhavet i nord og Suez ved Raudehavet i sør.

Suezkanalen
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Suezkanalen ved byen al-Ismaìliyah, midtvegs i kanalen. Byen er hovudsete for kanaladministrasjonen.

Av /KF-arkiv ※.

Suezkanalen er ein av dei viktigaste kanalane i verda. Den kunstige kanalen knyter saman Middelhavet og Raudehavet og er 193 kilometer lang. Arbeidet med kanalen starta i 1859, og han blei opna for trafikk i 1869.

Frå Port Said ved Middelhavet går kanalen mot sør, passerer dei salte og nesten tørrlagde Timsah- og Bittersjøane, og endar inst i Suezbukta av Raudehavet. Suezkanalen er ein nivåkanal (utan sluser). Frårekna tilførselskanalane er lengda 161 kilometer. Då han stod ferdig, reduserte kanalen reisetida mellom Europa og Asia med omtrent 30 dagar. Tidlegare hadde reise- og handelsrutene gått over land langs Silkevegen eller teke den mykje lengre sjøreisa rundt Afrika.

Munningen av Suezkanalen i Raudehavet
Av .

Stenging og blokkering i nyere tid

Det grunnstøytte konteinarskipet Ever Given blokkerte Suezkanalen i seks dagar i 2021. Grunnstøytinga førte til lange køar på kvar side av kanalen, og svært store tap for transportselskap og bedrifter som fekk forseinka leveringar.
Suezkanalen sperra i 2021
Av /NTB.

Kanalen blei opna opp igjen etter ei omfattande utviding i august 2015, etter investeringar på cirka 8,2 milliardar amerikanske dollar. Kapasiteten blei då utvida frå 78 til 97 skip per døgn.

I 2021 grunnstøytte eit konteinarskip i Suezkanalen. Trafikken blei sperra i fem døgn, og over 400 skip stod i kø. Blokkeringa førte mellom anna til høgare oljepris.

Historie

Historia til Suezkanalen er lang og strekk seg tilbake til Det gamle Egypt og Romerriket.

Det gamle Egypt

Allereie på 1300-talet fvt. under dei gamle egyptiske faraoane Sethos 1. og son hans Ramses 2. blei dei første arbeida med kanalen utført. Neko – som levde rundt 600 fvt. – fortsette arbeidet med ein omsynslaus innsats av arbeidskraft.

100 år seinare skal persarkongen Dareios 1 ha oppnådd samband mellom Nilen og Raudehavet. Under ptolemearane som styrte Egypt frå 323–30 fvt. blei kanalen utbetra. Romarane som hadde makta over Det gamle Egypt frå 30 fvt. til 395 evt., har derimot neppe halde han ved like. Dei arabiske erobrarane på 600-talet evt. sette han i stand, men frå 700-talet forfall han igjen.

Ny interesse og bygging på 1800-talet

I nyare tid var det fleire fyrstar som interesserte seg for tanken om ei gjennomskjering av Suezeidet, mellom anna Napoleon 1. som levde på slutten av 1700- og byrjinga av 1800-talet. Han gav opp planen, særleg fordi rådgjevaren hans, ingeniør Lepère, hadde berekna at nivået på Raudehavet låg cirka ti meter høgare enn Middelhavet.

Ein annan fransk ingeniør, Ferdinand de Lesseps, beviste seinare at nivåskilnaden var ubetydeleg. I 1854 la han fram eit kanalprosjekt for Egypts visekonge Said pasja, og i 1856 fekk han konsesjon for selskapet Compagnie Universelle du Canal Maritime de Suez til å byggja kanalen og deretter driva han i 99 år.

Arbeidet blei påbyrja i 1859, og kanalen blei offisielt opna 17. november 1869. Konsesjonen til selskapet skulle gjelda til same dato i 1968. Franske aksjonærar hadde knapt fleirtal, medan resten av aksjekapitalen var britisk og egyptisk. Suezkanal-konvensjonen av 1888 sikra både krigs- og handelsfartøy frå alle nasjonar lik rett til gjennomfart.

Suezkanalen blei opna av den østerrikske keisarinna Eugénie 17. november 1869. Måleri av E. Rion.

Suezkanalen
Av .

Nasjonalisering av kanalen og Suez-konflikten

Israelske soldater kryssar Suezkanalen under Yom Kippur-krigen i 1973.
Av /Israel Defense Forces.
Lisens: CC BY NC 2.0

Ved ein avtale i 1899 fekk Storbritannia rett til å ha troppar i Suezkanal-området, og ved den anglo-egyptiske militæralliansen av 1936 blei denne avtalen med visse innskrenkingar forlengd med 20 år. Den veksande nasjonalismen i Egypt førte likevel til krav om å få avtalen revidert. I 1954 anerkjende Storbritannia kanalsona som ein del av Egypt og gjekk med på ei gradvis militær tilbaketrekking, som blei fullført i 1956. Kort tid etter, 26. juli, erklærte president Nasser at kanalen var nasjonalisert, og dimed følgde Suez-konflikten.

Under seksdagarskrigen med Israel i 1967 blei Suezkanalen sperra, men etter Yom Kippur-krigen i 1973, då Egypt igjen overtok austbreidda, kom arbeidet for gjenopning i gang, og var ferdig i 1975.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg