I ein halvmeter brei kvartsgang i eit eklogittområde ved Raudenova i Stryn er det rikeleg med terminerte rutilkrystallar på opptil 7 centimeter. I områda rundt den retrograde eklogitten er det linser med kyanitt, prehnitt, epidot og andre mineral i gneisen. Liknande førekomster er kjende frå Blåbredalen i Hornindal og andre stadar i det austlege eklogittområdet. Biletet viser krystallar av rutil preparert ut av ein kvartsgang i eklogitt frå Hornindal. 4x9 centimeter.

Rutil, Hornindal
Av /Norsk mineralbok.
Rutil består av titandioksid og finst i mindre mengder i ei rekkje ulike bergartar. Reint titandioksid er kvitt, men rutil inneheld vanlegvis eit par prosent jern og får difor som regel ein raud eller brun farge.
Rutil, fra Risør
Av .

Rutil med asbest-terminasjonar, på hornblende frå Akeland, Agder.

Rutil
Av .

Rutil er eit mineral som består av titandioksid, og som finst i mindre mengder i ei rekkje ulike bergartar. Reint titandioksid er kvitt, men rutil inneheld vanlegvis eit par prosent jern og får difor som regel ein raud eller brun farge.

Faktaboks

Uttale

rutil

Etymologi

av latin rutilus, 'raud, gulraud'

Engelsk namn
rutile
Kjemisk formel

TiO₂

Samansetning
oksid
Hardleik
6–6½
Massetettheit

4,2 g/cm³

Krystallsystem
tetragonalt

Rutil er eit viktig mineral for utvinning av titandioksid som mellom anna nyttast som kvitt fargestoff i måling. Klåre rutilkrystallar blir framstilte kunstig og blir brukte som smykkestein.

Rutil er utbreidd over heile verda og har førekomstar i store delar av Noreg; særleg i Sør-Noreg, der det òg har vore gruvedrift.

Eigenskapar

Rutil opptrer òg som tynne gule eller brune nåleforma krystall (hårkrystallar) i kvarts.

Rutil har ein metallisk opak farge. Som korn og tynne krystallar kan rutil vere skarpt raud, raudbrun til svart, med glasglans eller submetallisk glans. Streken er brun eller lysebrun.

Rutil har stor hardleik (6–6½ på hardleiksskalaen som går til 10) og høg massetettleik (4,2 g/cm³). Det er sprøtt, med godt klauv og ujamt brot.

Mineralet opptrer ofte som grove, prismeforma (langstrekte) krystallar, som av og til er stripa på langs. Korte prismatiske krystall med dipyramidale avslutningar og vertikalt stripete prismeflater er vanleg.

Rutil opptrer òg som tynne gule eller brune nåleforma krystall (hårkrystall) i kvarts, og som eit brunt gitterverk som blir kalla sagenitt. Dei grovare krystalla er (raud-)svarte og er ofte dekte med ei lysare overflatehud.

Titandioksid er eit døme på trimorfisme, altså at eitt kjemisk stoff kan ha tre ulike former (ha ulik krystallstruktur, sjå polymorfi). Dei to andre minerala i tillegg til rutil er anatas og brookitt. Rutil og anatas dannar tetragonale krystallar, medan brookitt dannar ortorombiske krystallar.

Rutil i flotte sagenittmønster er kjende frå den lange tunellen til Fjærland i Jølster. I eit par av dei mindre tunellane som vart bygde ut langs Kjøsnesfjorden på 1980-talet var det både flotte rutilkrystallar i klar kvarts, og meire sjeldan, druser med store nøste av gulbrune hårtynne rutilkrystallar. Biletet viser bunter av gulbrune hårtynne rutilkrystaller på muskovitt frå Jølster. 7×10 centimeter.
Rutil
Av /Norsk mineralbok.

Førekomstar

Rutil finst ofte som mindre korn i små mengder (aksessorisk) i magmatiske bergartar, særleg i gabbroar, men òg i metamorfe bergartar som gneisar, glimmerskifer, eklogittar, marmor og dolomitt og i kvartsgangar i desse bergartane. Rutil er vanleg i alpine sprekkar og i hydrotermale gangar. Det finst dessutan opprikt i sandavleiringar. I pegmatittar er det ofte varianten ilmenorutil som finst.

Rutilnåler finst ofte inneslutta i kvarts (rutilkvarts, blåkvarts, rosenkvarts).

Bruk

Reint titandioksid kan utvinnast frå rutil. Dette blir brukt som kvitt fargestoff.
Pulver av rent titandioksid
Lisens: CC BY SA 3.0

Rutil er eit viktig mineral for utvinning av titandioksid, som mellom anna blir brukt som pigment i kvit måling. Det blir for det meste utvunne av sandavleiringar.

Det meste av rutilen som blir brote går til framstilling av sveisepinnar, men rutil blir òg brukt til framstilling av porselensfargar, titanmetall og diverse titansambindingar. Reint titan kan utvinnast frå rutil gjennom fleire steg i krollprosessen. Elles utgjer ilmenitt den viktigaste titanmalmen.

Klåre rutilkrystall blir framstilte kunstig og vert nytta som smykkestein (handelsnamn «titania»).

Utbreiing og funnstadar i Noreg

Mineralet finst i større mengder fleire stadar i Sør-Noreg tilknytt gabbroar. Rundt 1900 var det drift i ei rekkje mindre gruver i området mellom Bamble og Arendal og i Kragerø.

Eit utval funnstadar:

  • I dei talrike apatitt-førekomstane rundt Ødegården i Bamble er rutil ofte eit hovudmineral saman med flogopitt. Rutil finst her i velforma krystallar på over eitt kilogram.
  • På Lindvikskollen ved Kragerø har det vore drive gruvedrift på rutil frå plagioklasbergarten kragerøitt. Der er raudleg albitt det dominerande mineralet saman med kvarts, mikroklin, pyritt og schorl. Rutilen er ofte konsentrert i svarte slirer og gangar i ganske store mengder.
  • Kvartskrystallane i dei alpine sprekkane i fyllittenHardangervidda har ofte inneslutningar av tynne, langstrekte rutilkrystall og av og til kloritt. Nokre stadar finst han i så store mengder at kvartsen blir heilt mørk (kalla «rutilkvarts»). I enkelte druserom førekjem også rutilen som nåler, hår og såter utanfor kvartskrystalla.

I seinare tid har det òg vore interesse for utvinning av rutil frå eklogitt i Sunnfjord, der det opptrer som underordna bestanddel saman med granat og andre mørke mineral. Eklogitt-kroppane ved Engebø i Naustdal er av dei største i Noreg. Eit rutilinnhald på fire prosent har gjort denne eklogitten aktuell for stordrift på titan og granat. Rutilen førekjem ofte i kvartslinser. Verksemda Nordic Mining har fått løyve til utvinning i Engebø med dumping av gruveavfallet i Førdefjorden. Deponiløyvet har ført til ein langvarig konflikt mellom staten og miljørørsla, sjå gruvekonflikten i Førdefjorden.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Spaltbarheit
perfekt klauv, ujamt brot
Strek
brun
Farge
raud, raudbrun til svart
Glans
glassglans eller submetallisk glans

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg