Viser innlegg med etiketten utfordring. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten utfordring. Vis alle innlegg

25. april 2014

Omslagsonsdag på ein fredag

Tema for Bokpotatens omslagsutfordring denne veka er ryggar. Altså omslagsfoto av folk som står/går/sit med ryggen til. Det er i løpet av dei siste åra blitt utgitt utruleg mange bøker med slike omslag. Motar og trender skifter, og det gjeld tydelegvis også bokomslag. Særleg innan dei oversatte (romantiske) romanane finst det mange eksempel på omslag som syner ein eller fleire personar (les: damer) bakfrå - gjerne i duse fargar og med vakker bakgrunn. Bøker med slike omslag stimulerer tydelegvis leselysta, merkeleg nok. Sjølv reagerer eg heller negativt fordi desse bøkene ser så irriterande like ut.

Bokpotaten viser fleire eksempel på slike fine og romantiske omslag i innlegget sitt, men ho etterlyser mennene; "Var är alla karlar?" så Monika har plukka ut kun "mannlege omslagsryggar".

Når eg sjekkar blant bøker eg har (og har hatt) i mine hyller, finn eg også overraskande mange ryggomslag, - faktisk såpass mange at eg kun kan syna fram eit lite utval av dei. Nedanfor ser du nokre omslag som har det til felles at det er ryggar og barn med i motivet. Dei er i ulike sjangrar, men alle bøkene har eg lest og likt.

Det aller penaste av desse omslaga er utan tvil Morgen i Jenin, - men! det er overromantisk, misvisande og står ikkje i stil med innhaldet i boka. Omslaget på Vidunderbarn derimot, er veldig fint og passar perfekt til oppvekstforteljinga til Roy Jacobsen.

12. mars 2014

Omslagsonsdag: Oransje

Ein artig utfordring som eg fann på ein svensk bokblogg; Bokpotaten - via Bokföring enligt Monika. Utfordringa går ut på å finna og visa fram omslag innan ulike tema, og denne veka er tema
fargen oransje.

Her er mine utvalde bøker med oransjefarga omslag. Utvalet er litt tilfeldig, men prega av at eg les mest innan krimsjangeren. Eg har lest og anbefalar alle desse.


Eg les ein del svenske bokbloggar - fordi det her er mange tips å henta for meg som er så glad i svensk krim. Ein annan grunn er at eg rett og slett ønskjer å forstå meir og å bli betre i det svenske språket. Kanskje såpass bra at eg kan lesa ei heil svensk bok - på svensk.
Eg har prøvd ein gong, men ga opp; det var for mange enkeltord eg ikkje skjønte tydinga av - og difor vart lesinga stadig avbroten av at eg måtte slå opp og sjekka kva ordet betydde. Boka vart fullført etter ei tid, - i norsk oversetjing.

8. februar 2014

Bokhyllelesing: Prost Gotvins geometri av Gert Nygårdshaug

Bokbloggar Bjørg (Mellom linjene) har invitert til leseprosjektet Bokhyllelesing, der ho utfordrar bokbloggarar til å lesa bøker frå hyllene sine - innan ulike tema. Fyrste utfordring har tema ei skandinavisk bok frå 1900-talet, og kan såleis romma eit svært breidt utval av bøker. Eg har absolutt sans for at folk les frå sine eige hyller og ikkje berre hiv seg over det som er nytt og spennande heile tida. Dette er ei markering av at bøker ikkje er ferskvare; at bøker ikkje har noko datostempling.

Sjølv har eg ikkje så mange uleste bøker i hyllene mine, og absolutt ingen som kunne passa innan det nemnde temaet. Eg har i alle år fyrst og fremst vore ein lånar, ikkje ein kjøpar, så boksamlinga mi er faktisk ganske skrøpelege greier; stort sett berre nokre bøker frå eit bokklubb-medlemskap på 80-talet og ein del pocketbøker - mest krim. Så eg tenkte at denne utfordringa berre fekk gå sin gang utan mi deltaking, men etter kvart fann eg ut at eg kunne delta med ei bok eg hadde tenkt å lesa likevel, nemleg Prost Gotvins geometri, utgitt fyrste gong i 1998. Poenget med utfordringa er å setja fokus på litt eldre bøker, så denne burde passa greitt inn. Anita (Artemisias verden) har meldt på den same boka, og det skal bli spennande å sjå kva ho meiner; om ho har hatt ei tilsvarande leseoppleving som den eg har hatt.

**********************

Cappellen Damm 2010
(papirutgåva kom ut på Cappellen i 1998)
Speletid: 14t 14 min
Opplesar: Anders Ribu

Fantasirikdom, kunnskap og sprudlande forteljarglede. Dette er ord som kan beskriva romanen Prost Gotvins geometri og dessutan mange andre (for meg) kjende og kjære bøker frå Gert Nygårdshaug sitt forfattarskap.

Den blyge presten Gotvin Soleng kjem frå Vanndal, ei oppdikta lita fjellbygd i Østerdalen. Han er ein søkande og nysgjerrig person som ein dag bestemmer seg for å reisa til Santiago de Compostela i Spania for å sjå nærare på nokre katolske mirakel. Gotvins fyrste utanlandstur vert ei reise utanom det vanlege. På togturen møter den jomfruelege presten ei heilt spesiell kvinne - og for fyrste gong forelskar han seg, djupt og inderleg. Men denne kvinna, Lucienne, gir han ei gåte: Han får ein teikning av fire geometriske figurar av henne. Dersom han klarar å løysa gåta, vil ho treffa han igjen.

Gotvin startar så på ei heilt anna reise; ei reise mellom tru og tvil, - mellom synd og skam på den eine sida og lyst og begjær på den andre. Gotvin si gudstru vert sett på prøve, og han utfordrar kristendommen, utfordrar Gud. Han oppdagar erotikken - det vert slutt på sølibatet, - men held fram med å venda seg til Gud i bøn. Samstundes kjem han på sporet av store naturvitenskapelege mysteriar, kvantemekanikk og "det gyldne snitt" og "det gyldne triangel" og vert som besatt av Kristian Birkeland (mannen på 200-lappen) og Macody Lund. Alt dette vert blanda saman med mange underlege og eventyrlege situasjonar - og ei svært vakker kjærleikshistorie.

Boka er heilt spesiell. Eg datt av lasset fleire gonger; spesielt når det gjalt Gotvin sine religiøse og filosofiske tankar. Men så plutseleg har forfattaren fått meg på sporet igjen, med forteljingar om harrfiske, gastronomiske måltid, gode vinar, danske mellomalderborgar og paleo-arkeologi. Samt tema som omhandlar ein falsk valdtektsanklage, ein alzheimer-ramma gamling, ein nyutgravd dinosaur og litt gresk mytologi. Alt dette klarar Nygårdshaug til å henga saman i ei forteljing, og det er rett og slett imponerande. At eg innimellom mista litt av konsentrasjonen, ser eg ikkje på som noko poeng. Eg hoppa ganske glatt over avsnitta med ulike matematiske utgreiingar, - matematikk har eg alltid sett på som eit uinteressant og unødvendig fag. Og det er heilt normalt at eg "dett vekk" når det handlar om kristendom og funderingar om det guddommelege sidan eg er ein ikkje-religiøs person.

Prost Gotvins geometri er ei tankevekkjande bok som til tider er både morosam og rørande. Sentralt i boka er religionskritikk og konflikten mellom naturvitenskap og religion. Gotvin får eit psykisk samanbrot når han finn ut at han ikkje lenger kan stola på Gud, at grunnlaget for kristendommen mest truleg er feil og løgn. Boka er svært underhaldande, men krev at lesaren er , open og interessert. Geografisk reiser me mykje: til Spania, Danmark, Tyskland og Egypt. Eg brukte internettet aktivt medan eg las boka. Mange stader, ord og begrep var i utgangspunktet framande for meg; men med Google og Wikipedia og diverse søkefunksjonar som hjelpemiddel har eg lest meg opp i "så ymse".

Språkleg og stilistisk er Nygårdshaug, som alltid, heilt suveren. Innhaldsmessig er det altså tidvis forvirrande, tidvis artig, tidvis veldig spennande og nesten heile tida interessant. Alt i alt ei stor leseoppleving - eller rettare sagt lytteoppleving i mitt tilfelle. Anders Ribu er forøvrig heilt perfekt som opplesar av Nygårdshaug sine bøker. Men av og til, når opplesaren ikkje har pusta på lenge, forstår ein at forfattaren har vore heller sparsam med teiknsetjinga i boka...

Forfattaren sin leik med personnamn må nemnast, det er eit av "varemerka" hans. Nygårdshaug sin fantasi og humor kjem til uttrykk ved t.d. namna på menigheitsrådet sine medlemer i Vanndal; dei heiter Bråten, Markbråten og Stormarkbråten. Gotvin sin ven og fortrulege er dyrlegen i bygda, Baron (uttalast med trykk på fyrste staving) Åkerjord, den stakkars forvirra faren lyder namnet Kastor... og brødrene heiter Ludens og Violon... for å nemna nokre få av bipersonane.

Eg ser fram til å lesa Fortellernes marked - med tid og stunder. Der møter me att fleire av karakterane og mange av dei same problemstillingane og tankane som me vart kjende med i denne boka.

Les oversikten: 1. runde i bokhylleutfordringa - Mellom linjene.

10. desember 2013

Alice Munro - Utsikten fra Castle Rock

Gyldendal 2008
Oversetjar: Aase Gjerdrum
313 sider


Den kanadiske novelleforfattaren Alice Munro mottek i dag Nobelprisen i litteratur for 2013. I samband med tildelinga inviterte bokbloggar Bjørg i Mellom linjene til "samlesing" av forfattaren - og til å publisera eit blogginnlegg på denne dagen - for å hylla årets nobelprisvinnar. Klikk deg inn for å sjå kva andre bokbloggarar skriv!

Sidan eg aldri hadde lest noko av Munro før, vart denne utfordringa eit glimrande høve til å lesa ei av novellesamlingane hennar. Eg gjekk på biblioteket og lånte Utsikten fra Castle Rock (The View from Castle Rock). Boka vart utgjeven i 2006 og kom på norsk i 2008.

Alice Munro (f. Laidlaw i 1931) vaks opp på eit gardsbruk nær ein småby i Ontario i Canada og debuterte med den fyrste novellesamlinga si i 1968. Etter kvart er ho blitt kjent som den store novellekunstnaren. Munro skriv om små og kvardagslege hendingar og nære relasjonar mellom menneske. Ho skriv enkelt, nært og allmenngyldig.

Fyrste del av Utsikten fra Castle Rock er som ei slektshistorie i novelleformat. Munro fortel om forfedrane og -mødrene som utvandra frå Skottland til Amerika tidleg på 1800-talet. Lesaren får eit innblikk i liva deira før dei drog over havet, om overfarten, om korleis dei livberga seg dei fyrste åra i det nye landet og om det strengt religiøse samfunnet dei tilhøyrde. Om draumar og forventningar, - og skuffelsar og nederlag.

Andre del handlar om Alice Munro sitt eige liv - eller kanskje ikkje. Novellene har i alle fall sjølvbiografiske trekk. Det handlar om barndom, ungdom, forhold til foreldre og slektningar og etter kvart om forholdet til barndomsheimen etter at ho vart vaksen. Munro gir lesaren glimt av den store skilnaden det var mellom folk på den tida Munro vaks opp - økonomisk og materiellt sett. Karakterane hennar er gjenkjennelege - dei liknar på naboen og deg og meg og - ja, "folk flest".

Dei 12 novellene i boka er kronologiske og spenner frå 1700-talet og heilt fram til våre dagar. I vid forstand handlar historiane om samhandling mellom menneske, men heilt sentralt er også nærleiken til natur, jord og landskap. Kva som er "sanning" og kva som er fiksjon når det gjeld historiane hennar, er uvisst. Som forfattaren sjølv seier i forordet sitt: "- jeg utforsket et liv, mitt eget liv, men ikke strengt og dokumentarisk. Jeg plasserte meg selv i sentrum og skrev om dette selvet, så inngående jeg kunne. Men skikkelsene som omga dette selvet, fikk sine egne liv og sine egne farger og gjorde ting de ikke hadde gjort i det virkelige liv."

I Wikipedia står det om Alice Munro sitt forfattarskap: "Fortellingene hennes dreier seg om mellommenneskelige forhold sett i et hverdagslig perspektiv". Det er ganske godt sagt. Ein får same kjensla når ein les denne boka som den ein får når ein lyttar til eit eldre menneske som fortel om "gamle dagar"; ikkje så veldig spennande - men likevel interessant, lærerikt og til ettertanke. Munro skriv nostalgisk, men ikkje romantisk. Distansert, men likevel nært. Og nært utan at det vert ubehageleg intimt og utleverande.

Eg likte godt dei skiftande stemningane, det fine språket og den lågmælte stilen i denne novellesamlinga. Alice Munro sine noveller kjem eg til å lesa meir av.

24. oktober 2013

Bokvanespørsmål

er artig. Eller, det er vel alle dei ulike svara som er artigast.
Via Siljes skriblerier via Glamourbibliotekaren.

Sist kjøpte innbundne bok:
'Lobotomisten' av Eirik Husby Sæther, kjøpt for kr 39 i den lokale Notabene-butikken. Eg fekk tilsendt oppfølgjaren 'Heksedoktoren', og fann ut at eg måtte lesa bok nummer ein fyrst. Begge er fortsatt på vent.

Sist kjøpte pocketbok:
'Fjellgraven' av Hjorth & Rosenfeldt, kjøpt på den lokale Rimi-butikken! - og som eg les i akkurat no. Svensk kvalitetskrim.

Favorittsjanger:
Krim og spenning.

Favorittbokhandel:
Har både Libris-, Ark- og Notabene-bokhandlel i nærmiljøet - og dei er greie nok. Brukar likevel mest nettet og lydbokforlaget.no og haugenbok.no.

Favorittbibliotek:
Har to bibliotek som eg brukar og dei utfyller kvarandre, og saman fyller dei mitt behov. Er det bøker dei ikkje har, etterspør eg desse og biblioteket skaffar dei. Enkelt og greit. Det eine ligg der eg bur og det andre der eg jobbar.

Favorittleseplass hjemme:
Godstolen, sofaen, senga. Terrassen om veret er brukbart. Dersom eg les lydbok: Alle stader.

Favorittleseplass utenfor hjemmet:
På bussen. Med lydbok.

Fem forfattere du alltid kjøper i innbundet format:
Ingen. Eg er fyrst og fremst ein lånar, ikkje ein kjøpar.

Beste lese-snacket:
Sjokolade, chips, frukt.

Beste lesedrikke:
Kaffi. Svart og sterk!
Eller Olden med sitronsmak dersom væskebalansen tilseier det.

Beste bakgrunnsstøyen:
Kvardagslydar. TV, radio, prat, musikk. Eg vil ikkje ha det heilt stille.

Når på døgnet leser du helst?
Seint om kvelden og natta. Eg treng lite søvn.

Beste bakfyll-lesing:
Uhyggeleg sjeldan at eg er full og bakfull. Dersom det skulle henda vert eg veeeeldig sjuk og ute av stand til å lesa.

Beste kollektivtrafikklesestoff:
Lydbok.

------------------------------

Blir du med på utfordringa? Kva svarar du?

Sjå kva andre har svart her:
Heidi - Stjernekast
Beathes bokhylle
Anita - Artemisias verden
Pias kulturkrok

25. september 2013

Topp 100 - og topp 5

Bjørg i Mellom linjene vil ha hjelp frå medbokbloggarar og andre til å utarbeide ei liste over bokbloggarane sine favorittbøker. "Deltakarane" kan foreslå inntil fem titlar - frist 1. oktober - og med desse forslaga som utgangspunkt skal så Bjørg laga ei liste over bokbloggarane sine 100 beste bøker.

Sidan eg òg er utruleg glad i lister, måtte eg sjølvsagt bli med på dette. Men det synte seg at det var vanskeleg å plukka ut kun fem bøker/seriar, - det er mange omsyn å ta. For favorittbøkene mine har blitt - nettopp, favorittar - ut frå mange ulike grunnar. Somme fordi dei har vore superspennande og rystande, andre fordi eg har tykt dei har vore vakre og poetiske og atter andre fordi dei har hatt tema som har passa til meg og akkurat den livssituasjonen eg har vore i på "lesetidspunktet." Somme gode bøker gløymer ein så snart ein har avslutta lesinga medan andre lever inni oss lenge, lenge. Eg set sjølvsagt mest pris på dei som vert verande hos meg ei stund.

Eg valde, etter ei lita stund i tankeboksen, desse fem bøkene/seriane:
  • Tokyo - Mo Hayder
    Eg har ei mørk side, eg innrømmer det. Eg likar veldig godt bøker som er groteske og sterke, og samstundes velskrivne. Til dømes Ondskapens hjerte av Chelsea Cain og Kråkejenta av Sundquist og Eriksson. Eg valde Tokyo som representant for psykologisk thiller-sjangeren.
  • Vindens skygge - Carlos Ruiz Zafon
    Eg hadde ei heilt fantastisk leseoppleving for eit par år sidan då eg lytta til lydbokversjonen av denne boka. Her er spenning, humor, mystikk, eventyr og drama. 
  • Papillon - Henri Charrière
    Denne las eg då eg gjekk på vidaregåande, for omlag hundre år sidan - og eg har tenkt å lesa ho på nytt ein gong. Boka kom ut i 1969 og er ein spenningseventyrroman basert på verkelege hendingar. Ho gjorde djupt inntrykk på meg den gongen.
  • Millenniumserien - Stieg Larsson
    Eg rett og slett elskar svensk krim, og har lese massevis av svenske krimseriar. Van Veeteren, Martin Beck og Kurt Wallander. Joona Linna, Rebecka Martinsson og Annika Bengtzon. Eg er utruleg begeistra for alle desse svenske krimheltane - men det er nok Lisbeth Salander & Mikael Blomqvist eg set høgst. Veldig veldig synd at det berre vart tre bøker frå Stieg Larsson. Trilogien hans var grensesprengande på så mange måtar.
  • Barbarottikvintetten - Håkan Nesser
    Som sagt: Eg elskar svensk krim, og eg er stor fan av Håkan Nesser sine kriminalromanar. Med strek under romanar. Ingen andre krimforfattarar byr på så store overraskingar. Han er morosam, melankolsk, ironisk og språkleg elegant. Du får alt frå Nesser. Dei fem bøkene om Barbarotti er glitrande.
Desse fem bøkene/seriane måtte berre vera med på lista - og då har eg valt vekk ein heil del andre bøker som eg likar godt og som har "forma" meg og lesesmaken min og elles stimulert leselysta mi.

Bøker som eg set pris på og som ikkje vart med på Topp 5 - men som absolutt høyrer heime på Topp 100 er t.d.
  • Sigrid-trilogien til Vera Henriksen og Olav Audunssøn-tetralogien (som eg likar betre enn Kristin Lavransdatter-bøkene) til Sigrid UndsetEg er glad i historiske romanar.
  • Varg Veum-serien til Gunnar Staalesen og Harry Hole-serien til Jo Nesbø, samt Martin Beck-serien til Sjöwall & Wahlöö. Slukebøker som eg har lest absolutt alt av og følgd i mangfoldige år. Har også lyst til å nemna Arne Dahl sin serie om A-gruppen som etter mi meining er for lite kjent. Og Van Veeteren-serien til den før nemnde Nesser.
  • Drageløperen og Tusen strålende soler av Khaled Hosseini. Eg venta lenge før eg gadd å lesa desse bøkene som eg hadde høyrt så mykje bra om. Dei skuffa ikkje.
  • Kompani Orheim (og resten av Jarle Klepp-serien, forresten) av Tore Renberg. Glimrande oppvekstroman.
  • 1Q84 av Haruki Murakami. Surrealistisk, spennande og vakkert. I skrivande stund les eg 'Kafka på stranden' av same forfattar - det virkar som om denne også bør vera med på ei liste over dei 100 beste.
  • Krimklassikarar som Sort messe av John Dickson Carr, Hunden fra Baskerville av Arthur Conan Doyle, De dødes tjern av Bernhard Borge og Jernvognen av Stein Riverton. Alle desse burde vera "pensum" for krimlesarar. 
  • Minnesota-trilogien av Vidar Sundstøl og Fredric Drum-serien av Gert Nygårdshaug. To forfattarar som har utfordra og fornya krimsjangeren.
  • Eg set strek her. Denne utvida lista kunne blitt uendeleg lang....
-----------------

Eg gler meg til å sjå den endelege lista over Topp 100. Den kjem til å bli bra og mangfaldig, tenkjer eg. Folk er ulike, bokbloggarar og bokelskarar er minst like ulike - og lesesmaken er forskjellig.

19. juni 2013

Tjukke bøker

Eg har fått ein utfordring frå Tine som gjeld tjukke bøker; Big books TAG som går ut på følgjande:
  • Finn de fem tykkeste bøkene i bokhyllen din som du har lest.
  • - og de to tykkeste bøkene i din TBR-PILE (dvs. bøker du ikke har lest enda)
Eg har store vanskar med å komma i gang når bøkene er veldig tjukke, men eg har fleire gonger opplevd at sidetalet ikkje betyr noko om det er ei verkeleg god bok. Er boka god, er det fint at ho varer ei stund!

Av leste bøker som står i bokhylla mi er desse dei tjukkaste:
  1. C. S. Lewis - Legenden om Narnia 798 sider
  2. Lars Saabye Christensen - Beatles 732 sider
  3. Stieg Larsson - Luftslottet som sprengtes 709 sider
  4. Ildefonso Falcones - Havets katedral 637 sider
  5. Stephen King - Noe for enhver 614 sider
Desse bøkene har eg ikkje lese enno:
  1. J. K. Rowling - Harry Potter og dødstalismanene 681 sider
  2. Johan Harstad - Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet? 632 sider
-------------------------

Fleire som har teke denne utfordringa har ført opp 1Q84 av Haruki Murakami (1184 sider). Den har eg òg lest - men som lånt lydbok. (Faktisk vart det nærare 48 timar med lytting av 1Q84 bok 1, 2 og 3.) 

------------------------------

Og forresten: Den aller aller tjukkaste boka i bokhylla er Kryssordhjelpen på 1364 sider..!