Med eit skogareal på 81 prosent av totalarealet i kommunen er Birkenes ei av dei viktigaste skogbygdene i fylket. I 2021 hadde kommunen ei avverking på nesten 58 000 kubikkmeter; etter Lindesnes var dette den største skogavverkinga blant kommunane i Agder.
Det blir elles drive mykje jordbruk i kommunen, og Birkenes har etter Grimstad og Arendal det største jordbruksarealet blant kommunane i tidlegare Aust-Agder. Jordbruket er, som elles i Agder, dominert av husdyrhald, særleg storfe og sau. Det er også noko hønsehald. Vekta på husdyrhald viser igjen i at heile det aller meste av den dyrka jorda i Birkenes er eng til slått og beite.
Det er 2471 yrkesaktive personar i kommunen (2020). Berre vel tre prosent av desse jobbar i primærnæringane. I sekundærnæringane jobbar ca. 31,5 prosent. I tertiærnæringane jobbar cirka 65 prosent av dei yrkesaktive. Kommunen har ein stor industri, og dei viktigaste industribransjane etter sysselsetjing er gummi-, plast- og mineralsk industri med hjørnesteinsbedrifta 3B-Fibreglass Norway AS, trelast-/trevareindustri med Uldal AS, Foss Fabrikker AS og Scanflex A/S, og verkstadindustri, først og fremst i form av maskinindustri. Det meste av industrien finst i Birkeland. Her er det også ei rekkje bedrifter innan tenesteytande verksemd.
Birkenes har middels stor vasskraftproduksjon. Dei tre vasskraftverka i kommunen produserer til saman 114 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Hanefoss (i drift fra 1961), som står for nesten heile vasskraftproduksjonen. Å Energi Vannkraft er hovudeigar av nesten all vasskraftproduksjonen i kommunen
Nærleiken til den allsidige arbeidsmarknaden i Kristiansand-regionen har hatt mykje å seie for folketalsutviklinga i kommunen. Omlag halvparten av dei yrkesaktive som er busette i Birkenes, har arbeid utanfor kommunen. Utpendlarane fordelte seg med omlag ein tredel i Kristiansand-området (etter dagens grenser og inkludert Vennesla), omlag ein tidel i Lillesand, og omlag det same totalt i Arendal og Grimstad, og resten av Agder.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.