2 skal bli 3 her hos oss. Då kjem det nok mange små og store stunder som me vil boble over av lyst til å glede andre med, men som kjent vert ein jo gjerne litt lei av å høyre på slikt (dersom me ser bort i frå besteforeldra sjølvsagt). Så kvifor ikkje samle alle slike små framsteg her inne? Så kan me heller prate om krig og fred og religion og slikt når me møtes: )

Gler me oss? JAAA!! Ingrid flyr rundt (les: gåsegang) og samlar kvistar og fjør til vårt vesle rede som må vere lunt og godt til vesla kjem. For me fekk fortald at det var ei lita jente i magen, og den informasjonen har me teke for god fisk. Det er nok ein del som må ordnast litt på om det brått skulle dukke opp ein gut...
Petter har i dag borra seg godt inn i baderomsveggen, ein STOR terskel for Petter, han har nemleg utvikla ein viss frykt for borring i dei ustabile murveggane (les: sand) våre frå dei magre 30-åra. Men borringa gjekk bra den, så i morgon skal me henge opp stellebord! Tjo-hei! (Tenk at SLIKT har vorte kult!)
Det meste byrjar altså å kome på plass. Sprinkelsenga (skjønt framleis i gråpapp), ny kommode er allereie STAPPfull av litt nytt og mykje fint arvegods frå niesene i Kristiansand, gassklutar, smokkar, minnebok og IKKJE MINST den superkule vogna som faktisk står i leiligheten slik at me kan leike litt med den (Petter sitt ynskje. Heilt sant). Me gler oss til våren og maaange fine trilleturar!
Det er framleis omlag 4,5 veker til termin, og magen MÅ vere på bristepunktet snart allereie. Ingrid har gløymd litt ut korleis det er å gå i trapper utan å puste som ein kval, korleis det er å ikkje ha eit skranglande bekken og saknar å rekke bussen sjølv om det faktisk er 20 meter bort til den. At lukkemuskelen i svelget skal virke att er heller ikkje å forakte...
Dette er BabyMisje slik vi kjenner ho så langt, 18 veker gammal. No er ho snart 36!