mandag 31. august 2009

3 Giraffkasting og andre spilloppar

Etter å ha gjort ein heidundranes god jobb med kjøkenreingjering i går (les: skrubba mikroen og steikeomnen, rydda i roteskapet, vaska golvet og søppelskapet og strauk haugen med klede som hopa seg opp på benken) i tillegg til eit par klesvaskar.. etter alt dette altså... fann eg ut at kanskje det var ein god ide og rett og slett ta eit rom for dagen. Eit overkommeleg mål for ei babymamma. Dersom me utelatar kontoret. Så eg var ganske klar for å ta fatt på soverommet i dag, men det regna jo ikkje i dag!! Så då måtte me jo ut på tur!


Så me gjekk oss ein tur og kom heim med ny leikematte, litt klede frå ein tilgodelapp som låg og brann i lommeboka, ein fruktnettsmokk (høh?), og ei pute. Petter vert sjeldan overbegeistra når eg kjem heim med nye puter, men denne gongen bytta eg den ut mot TO andre i stova. Altså ei mindre pute for Petter å kaste veggimellom.


Då eg hadde traska gjennom fleire butikkar, og Ella hadde lugge tilsynelatande roleg i vogna si og berre kikka, oppdaga eg at Sophie var borte. Denne fantastiske leika som visst nok alle franske born har, og som ikkje har vore forandra sidan den var ny i 1963. Den er altså Ella sin favoritt også. Men ho var ikkje meir glad i den at ho kasta den ut av vogna eit ubevokta augneblink. Borte var den. Ikkje visste mor kva tid den var kasta ut, så då var det berre å byrja giraffjakta. Heldigvis var den ikkje i fyrste butikken me hadde besøkt, men nest siste. Puh! Snille Nilledama hadde putta den i skuffa si.


Bilete henta frå www.lesbebesdesabine.fr

Mormor Gunn spurde her ein dag om eg var i gong med syinga, men det er eg altså ikkje. Strikkinga kom litt i vegen. Det siste er ei lue til Ella. Det er IKKJE ei supporterlue for The Red Devils (Man. United, ja) som pappa Petter og farfar Dagfinn heiar så hemningslaust på, men den heiter likevel djevellue. Eller Hjallislue. Eller hjelmlue.
Kjær lue har mange namn.
Denne skal matche den raude jakka eg kjøpte på Polarn O. Pyret. Eg har strikka den litt stor for at Ella sitt allereie store, smarte hovud, kan få utfalde seg endå meir gjennom vinteren og likevel forbli varmt.




lørdag 29. august 2009

1 Eg har baka bleiekake!

Bleie-kva-då???

BleieKAKE!! Jepp.



Den smakar veldig amerikansk, og sikkert ganske tørt.

Den er laga av noko-og-femti små bleier, og er elles dekorert med sirleg hand. Sjølve kaka tek rundt 20 min å lage, pyntinga kan ein halde på med i dagevis.


Petter trudde det hadde klikka for meg, og har hatt stor underhaldning av kakebakinga i stova. Og det var ikkje snakk om å sittje heime då den i går skulle overrekkjast til Kamilla, Tor Arne og deira heilt ferske Emilia (som for øvrig har gjort Ella til ein KJEMPEbaby!!)

Eg skulle gjerne hatt uttrykket til Kamilla på film. Det var moro!



Gratulerar endå ein gong til den vesle nye familien!
Gler oss veldig til å verte kjend med Emilia!


onsdag 19. august 2009

1 Marmor er 60 år!

Det kan gå litt i surr når ein har både farmor, mormor, farfar og morfar. Det gjorde det i alle fall for meg då eg var litan, så det vart marmor.
Eit fint ord sådan, og ei grei fellesbeteikning (nei, dette er ikkje rett nynorsk) for ei som har borneborn av begge slag.


GRATULERAR MED DAGEN!

Ikkje mormor/farmor til fem, utan å vere MAMMA til

ein...


to..


tre...
NYDELEGE (kremt...) born!



I dag er det ope hus på Kalveid, og bursdagsbornet har teke ferie for å bake kaker og dekkje bord. Det er eit artig fenomen det der, kor mykje ein styrer for å gjere andre glad og mett, når det er ein sjølv som skal vere midtpunktet. Er det ikkje bursdagsbornet som skal verte servert?



1. august hadde me familiefeiring, med noko-og-20 til bords. Monika og Ole Heine diska opp med tre fantastisk velsmakande rettar.

Tek eg ikkje heilt feil finn de nokre av oppskriftene på matbloggen deira. Den er her. (Klikk på her, ja. Den før parangtesen). Og er ikkje oppskriftene der enda, må nokon få rumpa i gir og leggje dei ut straks! ; )


Alle tantar og onklar var tilstades, og det vart reint så koseleg. Er jo ikkje kvar dag me ser dei lengre!




Mormor har fått sølvgrått hår, men det tyder ikkje at ho er gammal! Eg kjenner framleis få som er så energiske og produktive som dagens bursdagsborn. Dei gamle i bygda vert teken hand om av ho, huset vert måla, både inni og utanpå, kjøkenet vert pussa opp så vel som gongen, ho ringjer stadig for å høyre om alt er bra, morfar må halde seg svært aktiv for ikkje å blir rund av all den gode maten, og det er alltid eit halvferdig lappeteppe eller tre på stovegolvet, og eit spøt i handa. Borneborn nummer fem får like mykje som borneborn nummer ein og to.



Og ho tek gjerne ein buss til Kristiansand, eller eit fly til Oslo om det skulle kome nokre fridagar på rekkje for å vere litt mormor eller farmor. Eller marmor.


Håpar dagen er god, kjære bursdagsmor!
Me er så glade i deg!


Ellers kan eg meddele at Ella i dag har fått 5 mnd-vaksina, og verkar å vere i storform, sett bort i frå litt grinete ettermiddag. Det var litt vondt å bli stukken i kvart lår, men det gjekk fort over. Mamma Ingrid vart stukken i går. Først på ein ekkel sprøytespiss i parken, og måtte jo då ta blodprøve hos legen etterpå. Det må gjerast på nytt om 3 og 6 mnd. Sjansane er jo minimale for at det skal vere smitte av noko sort, men likevel ikkje så kjekt.


søndag 16. august 2009

2 Snipp snapp snute...

...så er ferien ute.
Grågjessene har allereie teke vingene fatt, og på måndag reiser ME til Oslo att (heia rim!). Fire veker på vestlandet har gått fort, sjølv om det på ingen måte har vore somarver! Shortsen har ikkje vore brukt EIN gong, og tåa har ikkje vorten så mykje som dyppa i sjøvatn. Det var dei med tidleg ferie som kom best ut av det i år.

Det har vorte fleire innestunder enn me kanskje har sett pris på, men så har det jo vorte nokre småprosjekter også. Og prosjektene står på rad og rekkje på lystlista mi for hausten også.
Her er eit par frå dei siste dagane...

Kjøkenklut


Sminkepung. Til dømes.

Kjøkkenkluten strikka eg etter tips frå hobbybloggen Kort og Søm, ein fantastisk inspirerande blogg!
Vesle familien Misje var på dagstur i Bergen på fredag. Stoff og Stil på Åsane var mål nr. 1, og TJOHEI for ein butikk! Enda betre enn i Drammen.


Etter to og ein halv time byrja Petter å uttrykkje si lengt etter fridom. Eg, som hadde fullstendig mista all form for tidsbegrep i stoffparadiset, må seie meg imponert over uthaldinga hans.
No har eg ein god haug fiiine stoff å ta fatt på. Eg gler meg til kalde haustdagar med søm, strikk, og lufteturar med Ella.
Overgangen til haust kunne berre kome LITT seinare...

Ellers vil me takka alle for ein god sommar! Me har hatt mange koselege stunder med vener og familie som me diverre ser alt for lite til resten av året. Ikkje minst har Ella fått GOD tid samen med mormor og morfar, og farmor og farfar...


og syskjenborn...


me har ete reker på sjøhus og kaffi på bryggekanten...


me har kost med fleirbeinte...


me har ete godt og spansk i Bergen...


ete godt og norsk på Stord.. og prøvd å friste litt med familielivet...


feira dobbel bursdag...


kost litt...


tulla litt...


vore inne i regnet...


og ute i sola...


Takk for i sommar
og velkommen til Christian Michelsensgt. 26
om de rek forbi!