fredag 24. juli 2009

1 Ja, de penga...

Eg er til tider svært glad i å shoppe, men eg er ikkje særskild glad å bruke pengar. Kva er løysinga på det? SALG sjølvsagt! Ikkje at eg brukar å finne noko på salg, men det har eg gjort i sommar.


Det er nemleg mykje lettare å handle på salg til Ella, enn til meg sjølv. Årets største scoop er ei to-i-ei-jakke frå Polarn O. Pyre på 70%, den hadde kosta 795,- ein gong! Hihihiii!! Så då må mamma Ingrid sy vognpose som matchar raud jakke; )


Det er nemleg haustens prosjekt å trø nytt liv i symaskina. Eg har hengt ein del timar over gode saum- og hobbybloggar i det siste, og et god inspirasjon til frukost, middag og kvelds.
Kanskje skal eg foreslå at me skal gjere anna enn å ete godis og skravle i syklubben vår; Snertne Sneller?


Eg har høyrt at det skulle være ein del stoff her i Haugesund, men det skulle vise seg å vere av ein heilt anna, og hakket meir kriminelle sorten. Det held me oss borte frå. Andre stoff er det lite av, gitt.
Ynskjelista frå nettbutikkar er lang...

fredag 17. juli 2009

0 Munnhoggeri

Det meste kan, og skal, i munnen for tida.

Smokken har vore trufast ven i 4 månadar...



Men ein har jo også giraffar...



..klutar...



...hender har ein jo alltid for hand...



...pappa si nase har faktisk vore i munnen den også...



... og mamma Ingrid har funne spor av spyttbobler på tærne, men Ella øver framleis i skjul på akkurat dette...


søndag 12. juli 2009

2 Alle gode ting er ikkje alltid 3...

Nokre gode ting kjem ikke eingong til 3, men berre 2 1/2. Til dømes grillen vår. Den søte, vesle, turkise grillen som har varma sommarmaten i 2 sommrar. 2 1/2. No er den vekk. Nokon har teke den. Eg skjønar godt at dei likte den, men å ta den med seg var drygt. Makan.

Veka på Fitjar gjekk fort. Det var herleg å puste i sjøluft att.



Dette kom eg og Ella heim til:



Morfar Bjarne hadde laga kløverhjarter til oss! Aaawww...

Neste gong skal me ha større koffert med, slik at me kan få med oss blåbæra, rabarbraen og dei rørte jordbæra som eg plukka.
Nei, eg plukka ikkje rørte jordbær...



Og brått var me i Oslo att. Sommarvarmen hadde forlate tigerstaden, og den er framleis ikkje tilbake. Det er deilig med 20 grader og overskya også, berre sola kjem fram att til Petter har ferie. Det er på mandag.
Då reiser me vest att. Har lurt litt på ein liten utanlandstur, men høgsesongen kostar.


"Kvifor reise til Stockholm når de kan vere på Fitjar?" spør morfar Bjarne. Eg prøver å forklare at Stockholm har ein del å tilby som ikkje Fitjar har, men han høyrer berre når han vil høyre. Men joda, kjem det godt ver skal eg gjerne ta ein månad i ville vesten. Som i fjor. Berre i år skal eg ikkje vere trøytt og småuggen.


Ella var litt skeptisk til mormors sommarkolleksjon frå 1981. Denne har ein gong mamma Ingrid sjarmert med. Tilhøyrande kjole skal få ny strikk, så passar nok dette betre neste sommar!


Petter sitt krav til NRK har endeleg gått gjennom, så no har guten fast jobb i sporten. Lønsauke og andre goder (fri lisens t.d.) kjem godt med. Han jobbar som ein helt, og kan snart ta ferie med GODT samvit!

Dei sista dagane har me også vurdert sterkt om eg skal vere heime med Ella til neste august. Permisjon + ferie fram til uti mars ein gong, og då 4 mnd uløna permisjon. Om ikkje Ella får barnehageplass altså, og det er vel ganske lite sannsynleg før august.
Kanskje det, kanskje? Me har vore flinke å putta pengar på sparebørsa, så det skal nok gå.
Når det kjem til dagmamma er eg nemleg litt skeptisk her midt i byen...

Me ser!