søndag 28. juni 2009

2 "Ja, Ingrid reiser snart..

... og bare Grøten tar hun med seg" (Ellagrøten)

Me skal ikkje på interrail, men heim til sommarøya. Eg må heim å vise Ella kva sommaren eigentleg dreier seg om. Sjø, holmar og FRISK luft.


Så får me håpe at været held seg fint på vestlandet også, i Oslo er det meldt skyhøge temperaturar. Det er ikkje ofte ein ynskjer dei skal gå ned, men denne varmen gjer meg litt koko. Ella ser ut til å takle den fint, heldigvis. Ho søv masse, og ligg elles og pludrar og kosar seg.


Pappa Petter må jobbe i finveret. I dag har han ein 12-timarsdag. Stakkar pappa Petter. Men det blir jo smør på brødskiva av det, då! Og kanskje ein ekstra duppedings eller to.

Eg og Ella var så heldig å bli invitert på middag til onkel Ole Heine, tante Monika og fetter Konrad. Dei er flinke til det. Invitere. Og å lage middag.
I dag vart me invitert på fiskepinnar, og eg kjende meg litt opprømd over at også desse folka kunne ha så "primitiv" kost som fiskepinnar til middag. Men eg burde jo visst betre, dei var heimelaga... Beste fiskepinnane eg har smaka! Mmm!! Gledar meg til matbloggen vert feit og god, Ole Heine!


lørdag 27. juni 2009

0 Summer in the city

Gradestokken viser 27 C i dag også. Det hadde vore langt meir behageleg å liggje på eit svaberg på Flatholmen enn i bakgården på Carl Berner.



Mamma har vore her sidan tysdag og reiste tidleg i dag, så tanken på å bli med heim surra nokre gongar rundt i hovudet i går... Men det vart ikkje til det. Kanskje må eg finne meg ein billeg billett tidleg i veka allikevel? Oslo er nesten uholdbar i denne varmen, og til veka er det meldt 32 C! I dag har me heldt oss inne til no, her er det svalt og godt, men så vil jo mor Ingrid gjerne ha litt brunfarge på beina også...

Petter jobbar nok ei helg med mykje overtid. Gjekk på (les: jogga til!) jobb kl 12 i dag, og kjem vel heim i 23:30-24:00 tida... Ikkje mykje selskap å få i den karen.

Me får vel leggje oss under parasollen att...


søndag 21. juni 2009

2 Sommaren er her!

Skulane har teke ferie, og elevane steig til værs av lukke med det same dei kom ut av bygget på fredag. Eg var innom for den årlege avslutningslunsjen for lærarane. Eg sakna den fantastiske sommarferiekjensla dei hadde, men så er jo permisjon MYYYKJE betre - for den er EEEENDA lengre ; )
Med meg heim fekk eg ein telyssak. Der kan eg tenne eit ljos for håp. Håp om ny jobb.

Kva skjer?
Me var på Hvaler frå mandag til tysdag.



Sola skein litt, vinden bles litt, og Vilde på 3 år var den einaste som var ute i sjøen.
Det er ei stund sidan eg begrava badestoltheten. Heller god og varm, enn kald (!)


Forutan Ella, Petter og meg sjølv, var broder Ole Heine, Monika og Konrad (9 mnd), Monika sin bror Knut Arne, Linn, Vilde (3) og Ida (1) der. Ein heil liten bøling å grilla for altså. Men det fekk karane til. HERLEG mat var det! Me ventar i spenning på matbloggen til brodern...


Som eg nemde i forrige innlegg skulle me eigentleg reise ned på søndag, men både eg og Ella var pjusk i helga, så me tok ein roleg søndag..


Men no er me pigg att!
Berre sjå her...


På tysdag kjem mormor på besøk! Det vert stas! Fint ver skal det verte og! Eg trur likevel me tek badinga innandørs...





torsdag 11. juni 2009

0 Snått og tårer

Det er det det går i for Ella om dagen. Tett i nasa, renn frå augo og slimete og ekkel i halsen. Ikkje vil ho høyre når eg seier "blås" heller...
Det byrja med Petter. Han var groggy då me skulle i bryllaup på laurdag. Ettersom eg var "kokke" under middagen, vart Petter meir barnevakt enn gjest. Ella fekk ikkje sove, så Petter trilla og trilla i den kalde lufta. Tapre pappan som satte helsa på spel ; )
Så han vart sjuk. Og så balla det på seg då, kan du vite...

Ikkje noko godt å ha ein sjuk liten pus. Eg gler meg til me kan kose oss med kakao og bollar på slike sjukedagar...


Helsevesenet i Kristiansand (les: Runar), lo godt av meg då eg klaga litt på helsevesenet i Oslo pga "manglande" oppfylgjing. Eg skal sei meg einig i at eg kanskje tok litt hardt i, men er ein fyrstgongsmor så er ein fyrstegongsmor. Kvart gram interesserar meg og kvar cm gledar meg. Slik er det berre.

Så i går var me på 3 mnd kontroll. Vesle tulla (jmf. Maren) er rett under 6 kg og ligg midt på gjennomsnittet (ho er jo sjølvsagt over gjennomsnittet søt og god!).
Vaksina ville helsesøster vente med ei vekestid ettersom ho var så forkjøla. Ella altså.

På onsdag var eg spontan. Det var lenge sidan sist. Kamilla hadde ekstra billetter til Mamma Mia på Folketeateret (gamle operaen), så eg fekk med meg ei fargerik forestilling til ein svært billig penge. Tusen takk, Kammis!

Bilete henta frå www.folketeateret.no

Heime hadde ikkje Petter fått konsentrert seg så mykje om landslagskamp som han kanskje hadde håpa. Ei forkjøla lita jente var ikkje særskild interessert i flaska, det lovar ikkje så bra for ho mor som skal ut på vift igjen på fredag. Då er det middag med jobben. Avskjedsmiddag for min del då.

Til helga vert det hyttetur til Hvaler med Ole Heine, Monika og Konrad. Søndag til tysdag for vår del, ettersom Petter sjølvsagt må jobba.


Ellers har bloggen ved ei feiltaking vorten blå og ornamental. Det får vere ei overgang til ein meir sommarleg blog. Så får me sjå kva tid det vert tid til å fullføre stemninga...

tirsdag 2. juni 2009

0 Hus, dåp og dårleg nytt...

Nokre har kanskje fått med seg at me har vore på vår fyrste husvisning. I Sagvåg. Jepp. Me tenkjer jo litt på å flytte vestover ein eller annan gong, men det vert altså ikkje no. Huset hadde fin hage, fin utsikt (til den etterlengta sjøen), og var greit ellers, men som vanleg vert ein litt lurt av bileta på finn.no. Ikkje rundlurt, men huset hadde ingen WOW-faktor. Det måtte det vore dersom me skulle snudd på hælen og flytta no.
Så det blir Oslo litt til...

Frå i går av er framtida ikkje så forutsigbar som den kanskje har vore i det siste, jobbkontrakten min vert ikkje fornya. I skrivande stund har eg jobb ut juli, og ikkje lenger... Veldig, veldig trist. Litt overraskande, allikevel ikkje. Fagkombinasjonen min er jo ikkje av den kvardagslige sorten., difor hadde eg eit håp om at eg var uunnværleg: ) Den var derimot "vanskeleg å dekkje fram til eg kjem tilbake, så forandringar må til". Mi tolking. Dei hadde ingen god grunn. Eg har mykje eg kunne sagt, men blogg er blogg. Me tek det på kammerset.
I går var eg trist, i dag er eg sint i tillegg.




Dette var altså det dårlege nye.







Ella og dåpskjoleskreddaren mormor

Dåpsdagen var, i motsetning til det eg ha nevnt til no, fantastisk! Sola stråla, gjestane stråla og Ella stråla lit innimellom. Og sov ein god del. Og skreik litt.
I kyrkja gløtta ho opp på presten då ho vart våt på hovudet, tenkte sikkert sitt, og sovna att.


Med GOOOD hjelp frå svigers, som også var vertskap, og mamsen min, vart det ein gledesdag med herleg mat av både den salte og søte sorten.
Mange skal ha ros for mykje. Farmor og farfar som altså opna heimen sin og spanderte herleg mat og laga kaker og bar bord og stolar, mormor som også laga kaker og nydelege blomsteroppsatsar, Petter som klippa fine sløyfeband til serviettane, og ellers alle som tok med så godt humør og laga god stemning.

Det er litt antiklimaks å gå tilbake til grovbrød med kvitost etter er helg med laks, roastbeef, egg og reker...



Dåpskaka til farmor hadde ei traumatisk natt og trong ein liten facelift på dåpsdagen. Det fekk den. Flott og nydeleg god!


Og Ella fekk så mykje fint! Tusen takk for alle gåver!




Ellers kan pappa Petter fortelje at Ella, i går, for fyrste gong.... (trommevirvel)....lo (som i "haha"). TA-DAAA!!