♥
1. søndag i advent var i går, og heldigvis kom eg tilfeldigvis over nokre lilla lys på laurdag. Advent allereie, gitt!
Det ser kanskje ikkje slik ut, men eg brukte litt tid på å pynte advents"staken" i går. Den var fyrst ganske tradisjonell med mose og kongler, men eg fann ut at det var ei større brannbombe enn me eigentleg trong. Ein gong med svidde augnebryn og Oslo brannvesen på nakken får vere nok.
Så det vart enkelt i staden.
Det er ikkje mykje som minnar om vinterstemning utanfor stovevindauget. Regnet pøsar ned. Eg har nokre ærend ute, men det kan i grunn vente. I dag trur eg Ellapusen og eg skal kose oss inne. Ella har fått seg ein ballong, den er supergøy! Det går fort framover på golvet, sjølv om ikkje krabbekoden er knekt heilt enno.
Julegrana i bakgården vart tend i går, med korpsmusikk, pepperkaker og gløgg. Reint så koseleg! Eg har i grunn alltid vore ein hund etter julestemning, men spenninga rundt det har likevel ei sterkt stigande kurve no når me har Ella! Ho finn ikkje veldig mykje glede i småkakebaking eller adventspynting enno, men alle lysa på julegrana var ganske fine!
Me har ikkje meir julepynt enn at den får lov å kome fram allereie no, og er absolutt ein majoritet av englar blant innebyggarane av dei to julekassane våre.
Englar er mykje kjekkare enn nissar. Ein og anna fjøsnisse kan til nauds gå, men elles er det fint lite nissar, ja.
Englane står derimot klar til å verte spreidde rundt i heimen.
Men litt overdose av englar er nok ikkje så skadeleg. Den finaste av dei alle er ORDENTLEG også : )
♥