Det er allereie (og ikkje meir??) fire veker sidan vesle Erik vart ein del av familien.
Aktiviteten på bloggen seier vel sitt om korleis me har det om dagane : )
Det er travelt på ein rar måte. Eg er jo heime, og har ikkje så mykje eg skal rekkje.
Pappa P har heimekontor og er meir ein del av kvardagen enn når Ella var ny.
Ella har funne seg godt til rette i barnehagen, og er der fire dagar i veka.
På tross av, eller på grunn av (?), alt dette, flyr likevel dagane og mykje står ugjort rundt oss.
Men me har god tid. Kvifor stresse?
Me må jo koooose også : )
♡