søndag 28. august 2011

1 Sundagskos

Det er ikkje så mykje som skal til før det føles travelt om dagen (det reknar eg med går seg til!) Etter nokre veldig kjekke dagar med besøk og besøk, har me ein ordentleg slapp sundagsføremiddag - før det kjem besøk att : )


Så får pappeskene berre stå litt til...

post signature

fredag 26. august 2011

5 Han er her!




Og han er ni dagar gammal allereie : )
17. august kom vesle Erik endeleg. Fem dagar over termin - det kjendes ut som femti!
3928 gode gram og 52 herlege centimeter : )
Han er ein fantastisk liten godklump, og som mange andre nyfødde godklumpar søv han stort sett heile dagen og litt mindre om natta...

Takksame og litt trøytte nyt me dei første dagane som familie på fire - i nytt hus - på ny øy.



post signature

mandag 15. august 2011

3 Ventar. Ventar.. Ventar....

Lite oppdateringar, men ikkje lite som skjer. Broremann let vente på seg, til fleires store frustrasjon. Hadde eg då endå vore i litt betre form, men bekkenet skranglar på siste verset, halsbrann, krampar, og i tillegg siste veka kom ein eller anna form for influensa med feber og hovudverk utan like. Urrk!


Me har vore på vestlandet i tre veker, og me har framleis ikkje sove i huset vårt. Nytt kjøken er så godt som ferdig, men nokre fartsdumpar undervegs gjer at det ikkje er heilt strøkent endå. Ein god del er pakka ut, ein større del er ikkje : )


Med VELDIG god hjelp kom me oss til slutt ut av leiligheten i Oslo, og gav frå oss nøkkel og ansvar til svært hyggjeleg (på den gode måte) eigedomsmeklar. I tillegg valde me å betale for styling av leiligheten, noko me ikkje angrar på i ettertid. Meklaren tok jobben sin seriøst, og me gjorde eit svært bra sal. I tillegg var kjøparen veldig interessert i å kome seg fort i hus, så me kom oss unna med kun ein månad mellomfinansiering. Goody.


Ella elskar å hoppe i de nye STORE sofaen vår, men skjønar vel ikkje heilt at den er vår, då me framleis er på ferie hos mormor og morfar saman med alle desse folka som pratar rart og får mamma og pappa også til å prate rart. Me andre veit dei kjem frå USA, og difor har sine grunnar. Dei er inne i si fjerde og siste veke, og trippar utålmodig med tanke på Baby Misje not being around yet...


Fetter Gustav er fødd, då! Hei hurra! Det vert morosamt med to tette fetterar. Me hadde eit par timar med babyfotografering, og det var slett ikkje lett. Laber form har gjort at eg ikkje har fått verken sett noko særleg på bileta, og endå mindre fiksa på dei. Men trur noko er brukanes : )


Så.. me ventar i spenning på siste tilskot. Tåååålmod.
Og kosar oss med familiebesøket enn så lenge. 

post signature