Så var sesongens første strikkeplagg ferdig. Halve er strikka i ein solstol på Gran Canaria, men så kom me heim og prosjektet vart lagd i ein krok ei stund før eg satte inn støtet att.
Oppskrifta er frå Nøstebarn, garnet er Sandnes alpacca. Særdeles mjukt, varmt og deilig.
Jakka er strikka i eitt stykke, på tvers, og strekkjer seg når magen strekkjer seg. Derav det passande namnet "veksejakke". Denne jakka held fint to sesongar.
I mangel på fire like knappar, fekk den fire ulike : ) og eg fekk endeleg bruke poppis-knappen eg kjøpte på Snella og Petronellas knappelab for halvanna år sidan. Den har eg spara til riktig anledning: )
Forøvrig ein supersøt liten knappebutikk...eh.. fabrikk! Der lagar dei, og sel, dei søtaste porselensknappar iført kvite labfrakkar. Dei som jobba der altså, ikkje knappane.
Eg syns det vart ei veldig stilig knappesamansetting, eg!
Dei nye namnelappane er geniale til heimelaga strikkeklede. Namn og oppheng i eitt! Både barnehagen og mor er godt nøgd! Og ingen stryking. Dvs, dei KAN strykast på også.
Smart, eller kva?
Ellers må eg skryte litt av jentene i huset i dag (Ella Marie og meg sjølv). Me "vekka" pappa P med gåve og sjokolade på senga. Det er jo farsdag! Det kom eg på då eg passerte Dressmann i går. Men det var tidsnok, det! Pappa P sjølv, derimot, var ikkje klar over kva dag det var og meinte svoger R hadde bomma kraftig då han hadde sendt "Gratulerar Med Dagen" i ein sms rett før.
Eg byrjar å verte bekymra for den store dagen i komande veke...
Ella hostar, harkar og snørrar, men er ved godt mot der ho sit og kikkar etter pappa på TV. Cup-finale, kaninøyrer på hovudet, kakemenn og mandariner. Konsumeringa av dei to sistnemnde er betydeleg.
Greit det, det er jo snart advent!
♥