torsdag 27. oktober 2011

0 Haustkos

Desse koppane inviterer til det!


Me er ikkje så flinke til å samle oss rundt kveldsbordet som familie. Det har nok mykje med tidspunktet å gjere, men tysdagen har etterkvart blitt kveldsborddagen. Då kjem Ella med vått hår og svolten mage frå barnesymjing, og det passar seg godt å lage ein kopp varm sjokolade. Med lune t-briks frå tante Magnhild, rumlar det både i mamma og pappa sin mage, sjølv om det ikkje er så lenge sidan middag.


To minuttar før stengjetid på Osloturen, fekk eg stumpa meg over dørstokken til Rafens og kjøpt med meg to søte chocolate-koppar. Dei passar så godt inn i kjøkenet vårt at dei får lov å stå i glasskapet. Jadda.

Ellers syns eg det var riktig så festleg at svigerinne Monika hadde tenkt å kjøpe syltetøyskåla i forrige innlegg til bursdagen min. Gifta seg godt, han bror min! Tji-hi!


post signature

tirsdag 25. oktober 2011

2 Søt til søtt

Ho mor og broremann har vore på Oslotur i helga. Det var ikkje så mykje ekstra plass i kofferten, men litt fekk me no trykka nedi med oss heim att. Bl.a denne søte syltetøyskåla (utan skei) frå Søstrene Grene. Til den nette sum av kr 24,95 : ) 
Eit varp, spør du meg! 
Og eg som hadde ynskja meg syltetøyskål med lokk tilpassa skei. 
Flaks!






Så kan ein kanskje undre seg over kvifor ein tek bilete av syltetøyskåler ute på terassen i slutten av oktober, men når det har regna kontinuerleg i ti veker, ja då finn ein på så mykje rart når sola først kjem...



post signature

onsdag 19. oktober 2011

4 White and black beauty

Ja, i all beskjedenhet vil eg kalla det nye kjøkenet vårt det : )

Me reiv det gamle, samt ein vegg, med det same me overtok huset. Snille, snille kompis Lars Harald var bygningssjef både på nedriving og oppbyggjing. Familien Buck hjalp også til, ikkje minst Andy. Thank you very beary much!!
Underskrivande var stor, tung og skranglete, og ikkje så mykje hjelp i.

Kjøkenet vart realtivt fort nesten ferdig, det har gjenstått noko listearbeid og tilpassingar. 
Men så kom det ein baby først: ) 
Då passa det godt at det var dåp i helga, slik at me kom i gir att.
No har me endeleg satt punktum, og det er klart for å visast fram til alle som ikkje har vore her endå..
Kjøkenet er frå IKEA av typen Applåd. Vifta over platetoppen er einaste kvitevare frå IKEA, den er ikkje berre snasen og kul, men GOD. Dei fleste vil meine det er ein fordel at den er skrå, men så finst det også slike som meg som bruka å støtte hovudet til vifta under sauserøring... : )
Men diamanten i dette smykkeskrinet er kjøleskapet. Det er så tøft, det! Eg blir glad kvar gong eg ser det!


Då eg pakka opp lampen, fekk eg  eit skeivt blikk frå mannen. Han lurte på kvar eg hadde fått tak i denne kyrkjeklokka? Og var det skipstønne morfar lurte på om det var..?
Dei kan berre le! Lampen og det kvite interiøret omfamnar kvarandre akkurat som Fru Salt og Herr Pepper frå markedet i Arguineguin. 
Det skal seiast at Pappa P faktisk har vorten svært glad i lampen etterkvart : )






Ope og lyst. Morgonsola skin inn på frukostbordet. Passe open løysing til resten av etasjen, som altså er stova (den får de få sjå ei anna gong).
Me er rett og slett råfornøyd!
Til samanlikning, her er bileta frå prospektet (som i grunn berre var Finn-annonsa, ettersom huset vart solgt privat).





Kva likte du best? Hihi...
post signature

tirsdag 18. oktober 2011

7 "Et barn er et lite menneske"

Overskrifta er temaet i fotokonkurransen på Øyeblikk.
Her er Erik ti dagar, og allereie lei av at mamma utnyttar privat sovetid : )






post signature

mandag 17. oktober 2011

3 Finfin dag!










Tenk å ha fest for 17 stk i eige hus! Moro : )

post signature

søndag 9. oktober 2011

torsdag 6. oktober 2011

1 Raindrops keep falling on my head

Det er ikkje mange gongar me har vore utafor utgongsdøra og ikkje har fått regn på nasa dei siste sju vekene.  
Ikkje at det er skadeleg, men det hadde jo vore kjekt og sett litt blå himmel snart. 
Men me kjem oss ut mellom dei verste skurane...


Her ein dag måtte eg ringe heim til pappa P og få han til å hente oss i bilen. Ella skulle i alle fall ikkje heim. Nix og nei og buhuu... Då hadde me vore på diverse leikeplassar i fire timar, mor var våt og kald og magen til Erik rumla. Ella derimot, hadde sove ute om ho hadde fått lov.

Men i dei verste bygene held me oss inne. 
Og kikkar på dei søte naboane frå kjøkenvindauga.



post signature

lørdag 1. oktober 2011

2 Tenk at nr. 2..

..vart like perfekt som nr. 1!


Heldige oss.

post signature