Sentrale omgrep
stat
Ein stat er eit geografisk avgrensa område som utgjer ei sjølvstendig politisk eining med felles politisk styre for befolkninga i området.
land
Eit land kan vere eit politisk- administrativt område eller territorium med felles styre, som til dømes ein stat eller delstat, men treng ikkje vere det.
nasjon
Ein nasjon er ei gruppe menneske med felles sosial og kulturell identitet.
verdsdel
Verdsdel er ein hovuddel av jordoverflata som dels er avgrensa fysisk-geografisk og dels kulturelt.
kontinent
Kontinent er dei store samanhengande landområda på Jorden. Kontinent er ikkje det same som ein verdsdel, som både er fysisk og kulturelt avgrensa og mellom anna inkluderer øyar.
Jorda
Jorda er den femte største av planetane i solsystemet vårt og den tredje planeten rekna frå Sola.