Veronika vil dø handler om unge og vakre Veronika som har bestemt seg for å dø. Ho har to grunner til det: Den eine er at ho har innsett at ho kjem til å gammal. Den andre er at det er så mykje gale i verda. Etter eit mislykka sjølvmordsforsøk med sovetabletter (for ho vil nødig såra foreldra meir enn nødvendig og dei skal sleppe å sjå ho bli skrapt opp av asfalten) blir ho lagt inn på sjukehus. Der blir ho fortalt at hjartet hennar vart så skada i sjølvmordsforsøket at ho har ei veke igjen å leve. Saman med andre innlagte (av ulike årsaker) prøver Veronika å finne ut kva galskap er, og om ho verkeleg har lyst til å dø.
Eg forstår at Paulo Coelho er beundra av mange, men dette held ikkje for meg. Eg finner teksten platt og gjennomsiktig, eg kjem aldri innpå nokon av karakterene, og spesielt årsakene til kvifor Veronika vil dø er ikkje gode nok for meg. Å ville dø fordi du ein dag skal bli gammal er noko du bare må leve med. Men alle dei galne tinga i verda kan ein jo gjere noko med, eller i det minste hjelpe til med. Om det er klimaet eller søppel eller what not. På Goodreads er det delte meiningar om romanen - frå dei høgaste femmarane til dei lågaste einarane. Det virker som det er ein roman du enten elsker eller hater, og for min del trur eg dette er ei bok eg kunne ha elska for 10 år sidan. I dag har eg ei høgare preferanseramme enn eg hadde då, og tar ikkje alt for god fisk. Veronika vil dø vart i dette tilfelle kun eit kryss.
Veronika vil dø står som nemnt på 1001 bøker-lista, og er mitt bidrag i lesesirkelen min for februar. Mars-boka håper eg at eg liker betre enn denne.
Originaltittel: Veronika Decide Morrer, oversatt frå portugisisk av Anne Elligers | Utgitt: 1998 | Min utgåve: 1999 | Format: Innbundet, 218 sider | Forlag: Ex Libris i 1998, nå Bazar |
XOXO