Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Karin Fossum. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Karin Fossum. Vis alle innlegg

lørdag 14. mars 2015

Bok: "Helvetesilden" (Konrad Sejer #12)

Forfatter: Karin Fossum (f. 1954)
Utgitt: 2014
Format: Innbundet, 256 sider
Forlag: Cappelen Damm

I 2013 las eg dei to første bøkene om Konrad Sejer fordi eg kunne ikkje lese andreboka som vant Riverton 1996 og Glassnøkkelen 1997 før eg las førsteboka. Så vart det ikkje noko meir før Karin Fossum kom med Helvetesilden i fjor. Då ville eg lese den, men endte opp med heile serien frå bok 3 til bok 12 for eg er ganske kronologisk avhengig. Sist veke hamna Helvetesilden på Riverton-lista 2014, og då må boka få ein anmeldelse.

Helvetesilden kom mindre enn eitt år etter førre bok, Carmen Zita og døden, men det er ingen hastverksjobb. Det vitner heller om at Karin Fossum hadde noko påtrengande på hjartet og det måtte bare ut. Boka starter med ankomsten til åstedet. Konrad Sejer har knapt vore borti noko verre - ei ung alenemor og sonen er tatt av dage i ein brann i ei campingvogn. Sejer har ikkje mykje å gå på, eit einaste blodspor fins inne i vogna. Under avdekkinga blir me kjent med ofrene, og andre karakterer som kan ha ein finger med i spelet. Lenge ser det ut til at drapene vil forbigå uløyst, men då ein viktig puslespelbit blir avdekka går ting fort.

Karin Fossum skriv ikkje bare kriminalromaner - ho har ein vinkling som få andre har. Ho tar opp spørsmål som omhandler tilhørighet og identitet, og det gjer romanane hennar unike. Helvetesilden er skremmande på den måten at det kunne skjedd kor som helst, i hvilket nabolag som helst. Krimgåta er interessant nok, men måten det kjem fram på og årsaken til drapa er mest interessant i denne boka.

Om Fossum mottar Riverton eller ei for Helvetesilden blir avslørt 18. mars, men ho har hvertfall levert ei knallbra bok som eg las fort og gale. Anbefales!

XOXO

onsdag 13. februar 2013

Månadens Riverton: "Se deg ikke tilbake!" (Konrad Sejer #2)

Forfatter: Karin Fossum
Utgitt: 1996
Min utgåve: 2006
Format: Lydbok, lest av Trini Lund, 8t25min
Forlag: Fono forlag

Se deg ikke tilbake! begynner rett etter første bok vart avslutta. Ei 6 år gammal jente er meldt sakna etter eit overnattingsbesøk hjå ei nabojente. Ca 6 timer seinere dukker den vesle jenta opp av det blå, og Konrad Sejer ser fram til ei vekes avspasering. Den drømmen får ein brå slutt då mor til 6-åringen ringer politikammeret og gjenforteljer dotteras historie.

Det viser seg at 6-årige Ragnhild har vore på biltur og fottur med ein i bygda. Raymond er snill som eit lam, men mangler eit kromosom. Han tilbød seg å køyre Ragnhild og dukkevogna heim, og jentungen takker ja. Etter kvart vil Ragnhild heim, og Raymond følgjer ho forbi eit tjern og dermed dukker Ragnhild opp ut av det blå. 6-årige Ragnhild har både auge og øyrer, og då ho fortel mora om jenta ved tjernet, som lå der splitter naken, ringer mora straks til politiet.

I ei bygd utanfor Oslo, der alle kjenner alle blir det oppstandelse då det viser seg at det er ein av deira eigne som er drept, 15-årige Annie Sofie Holland. Familie og naboer snakket alle varmt om Annie, men likevel er det noko som skurrer. Kjæresten, Halvor, har lagt all sin oppmerksomhet på ei passordlukket mappe på PC-en sin. Ei mappe som var Annies.

Sejer og assistenten Jacob Skarre har sin fulle hyre med å forstå seg på bygdekulturen. Det mykje omtalte ”bygdedyret” blir og nemnt av ein nabo til Holland. Når ei 15-årig jente blir drept og lagt naken på den måten kan mange enslige mannlege naboer føle bygdedyret på seg, og det er ikkje intet unntak i denne boka.

Samtidig som det leites etter morderen og årsaken til Annies dødsfall, blir Konrad Sejer interessert i dødsfallet til ein liten 2-åring for 8 månader sidan. Annie har vore barnevakt for han ein del gonger, men etter dødsfallet forandra Annie seg. Ho slutta på handballaget, hadde ein kort pause i forholdet til Halvor og begynte i staden med løping. Både seint og tidlig, som om ho hadde noko å løpe frå. Sejer undrer seg om dødsfallet har noko med Annie å gjere.

Slutten er kort og intens, akkurat som førre bok. Likevel er det noko merkelig ved slutten, for kvifor slutter boka då den antatte morderen meiner at Annie var i live då han gjekk frå ho? Nokon andre som har lest den, og har nokon tanker? Karin Fossum er flink til å halde leserne/lytterne på pinebenken, og i Se deg ikke tilbake! er det intet unntak. Av ein eller anna merkelig årsak veit alltid Sejer meir enn andre, og minner litt om Agatha Christies miss Marple. Se deg ikke tilbake! vant Rivertonprisen 1996 og Glassnøkkelen 1997, og anbefales varmt.

XOXO

lørdag 2. februar 2013

Bok: "Evas øye" (Konrad Sejer #1)

Forfatter: Karin Fossum
Utgitt: 1995
Min utgåve: 2006
Format: Lydbok, lest av Kirsti Grundvig, 9t15min
Forlag: Fono forlag

Karin Fossum har så langt skrevet 10 krimromaner med Konrad Sejer som etterforsker i politiet. Han er enkemann, har ein son, ei dotter og ein svigerson, og eit barnebarn som er adoptert frå Afrika. Eit par dager etter start av lydboka twitra eg denne meldinga:
Etter krimromaner med Varg Veum og Harry Hole som hovudperson er det deilig med ein hovudperson som har meir orden på livet. #konradsejer
Kan fort få overdose av Veum og Hole. Karin Fossums andre bok er Riverton-vinner, men med min kronologiske hjerne måtte eg få med meg bok 1 først.

Evas øye begynner med eit lik i elva. Aleinemora Eva Magnus og dottera Emma er på tur langs elva, oppdager liket, ringer politiet, og går deretter på McDonalds. Eva blir ikkje avhøyrt på stedet, og Konrad Sejer finner dette merkelig. Det kjem fram at liket har vore sporlaust forsvunnet i eit halvt år, og at ei luksusprostituert dame, Marie Durban, vart funnen drepen på omtrent same tid. Då Konrad Sejer oppdager at Eva Magnus kjente Marie Durban blir han mistenksom. Nå går historien tilbake i tid, til den dagen Eva Magnus står motlaus med ubetalte rekningar og ingen mat i kjøleskapet. Ho møter barndomsvenninna Marie Durban, og Durban fortel om jobben sin og kor mykje ho får per gong. Med dottera på haustferie hjå faren bestemmer Eva seg for å prøve seg som prostituert for å tjene penger. Eva mottar kunstnerstipend frå staten, men det er ikkje alltid nok til å halde ulvene frå døra, og med Maries hjelp skal ho tjene meir penger. Marie inviterer ho heim, og med ein kunde på soverommet står Eva i dørsprekken og ser Marie jobbe, og ser ho bli drept av ein kunde.

Marie er eit opent og ærlig menneske med dei ho kjenner, og har annonsert til Eva at ho har penger gøymt hist og her, og har nærmare 2 millioner gøymt på hytta på Hardangervidda. Då kunden har gått etter drapet, finner Eva 60000 kr i leiligheten til Marie, og tar dei med seg. Ho reiser og til hytta på Hardangervidda og finner 1,7 millioner i eit malingsspann. Scenene på hytta var ulidelig spennande å høyre på lydbok, og spesielt sidan Eva får uventa besøk midt på natta. Eva ser seg nødt til å gøyme seg i utedoen, ein scene som seinare er udødeliggjort i Jo Nesbøs Hodejegerne. For å hevne Maries drap driver Eva sjølv detektivarbeid, og finner den mannen som skal ha drept barndomsvenninna.

Tilbake i nåtid får Evas far telefon frå politiet om at dottera sit i varetekt, og slutten er kort, intens og med eit par overraskelser i bakhånd. Mot slutten får me og eit innblikk i neste Sejer-sak. Ei lita jente på seks år er sporlaust forsvunnet. Evas øye er mitt første møte med Karin Fossums forfatterskap, og det var ei flott oppleving. Neste Sejer-bok har tittelen Se deg ikke tilbake! har vunnet Rivertonprisen 1996 og Glassnøkkelen 1997, og den ligger klar.

XOXO