I Julis folk møter me den kvite familien Bam og Maureen Smales som har flykta med sine tre barn frå Johannesburg. I sin tjener Julis landsby har dei søkt tilflukt, og ein kvit mann har knapt nokon gong satt sin fot i den avsidesliggande buplassen. Juli har vore tjenaren deira i femten år i byen, men nå er dei avhengig av han på ein heilt anna måte. Over heile Sør-Afrika herjer krigen, og uten at dei ville det sjølv er Juli blitt familiens vert, frelser og vokter. Familien må tilpasse seg dei fargas tilværelse, og finne ein måte å overleve på i ei verd som er heilt ukjent for dei.
Nadine Gordimer teikner eit bilete som er heilt ulikt mykje anna eg har lest, og viser forholdet mellom farga og kvit motsatt veg. Romanen er ikkje lang, men på 150 sider klarer Gordimer å vise fortvilelse, maktløyse, små seirer i kvardagen og med ein så open slutt at eg er faktisk ikkje sikker på kven som er død eller levande ved bokas siste side. I etterordet skrevet av Ebba Haslund står det at Nadine Gordimer ikkje oppfatta seg som ein politisk dikter:
Men, sier hun, når man ærlig og oppriktig skildrer det samfunn man lever i og dette samfunn er i vilt opprør, så blir man uvegerlig en politisk forfatter. (s. 147)Julis folk tar ikkje så lang tid å lese på grunn av dei korte sideantallet, men det skal du ikkje la deg lure av. Den må pauses innimellom for å ta inn inntrykkene. Anbefales!
XOXO
| Originaltittel: July's People, omsett av Toril Moi | Utgitt: 1981 | Min utgåve: 1984 |
Format: Innbundet, 149 sider |