Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Picador. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Picador. Vis alle innlegg

lørdag 27. august 2022

The 2022 Booker Prize | Hernan Diaz, Elizabeth Strout og Maddie Mortimer


Hernan Diaz (f. 1973) er fødd i Argentina, budd i Sverige, og har tilbrakt store deler av livet i USA. Han debuterte i 2017 med romanen In the Distance og mottok fleire priser for denne, og med årets roman, Trust, har Diaz debutert på Booker-listene.

Trust er ein historisk roman som bygger seg rundt eit ektepar som levde i New York på 20-talet. William Rask var ein Wall Street-legende og hans hustru Helen var dottera til eksentriske aristokrater. Det er fleire hemmeligheter rundt dette ekteparet, og det er ofte spørsmål om korleis ekteparet har tent alle pengene sine. Er det på lovleg vis eller ei? Andre karaktere kjem og går i romanen, og til slutt sitter du sjølv igjen med spørsmål om kva som stemmer eller ikkje.

Det var litt tungvint å følge med i denne romanen på lyd, så ved ein gjenlesing så skal romanen leses og ikkje lyttes til. Samstundes klarer eg ikkje å legge den frå meg, og lytter meg gjennom kvart gjeremål i fleire dager. Anbefales!

| Tittel: Trust | Utgitt: 2022 | Format: Innbundet, 416 sider | Forlag: Picador | 


Elizabeth Strout (f. 1956) er ein amerikansk forfatter som blant anna har mottatt Pulitzer-prisen for beste fiksjon og stod på Booker-lista i 2009 med romanen My Name is Lucy Barton.

Oh, William! tar oss tilbake til Lucy Barton frå nemnte roman og oppfølgeren Anything is Possible. Romanen handler om Lucy som fortel om sin avdøde ektemann, om å sjå korleis barna veks til og stifter eigne familier, om å oppdage familiehemmeligheter, og om korleis me menneske lever og elsker mot alle odds.

Eg las My Name is Lucy Barton då den var på lista i 2009 og las oppfølgeren tidlegare denne månaden. Eg har skumma gjennom Åh, William! og eg hadde aldri plukka den opp eller dei andre to om det ikkje var for Booker-prisen. Språket er greit, det flyter, men det skjer ingenting. Det er ei skravlebok, og etter mitt syn svakt for Booker-prisen.

| Tittel: Oh, William! | Utgitt: 2021 | Format: Innbundet, 248 sider | Forlag: Viking |


Maddie Mortimer (f. 1996) er ein britisk forfatter. Ho er utdanna innan engelsk litteratur frå universitetet i Bristol, og Maps of Our Spectacular Bodies er hennar debutroman. Mortimer har allerede vunne ein pris for romanen, og med den har ho debutert på Booker-listene.

Maps of Our Spectacular Bodies handler om Lia som er midten av tredveåra og som lider av brystkreft. Kreften har spreidd seg til lungene, leveren og hjernen, og Lia ligger på dødsleiet. Medan ho ligger der reflekterer ho over livet ho har levd. I "nåtid" er det Lias datter, Iris, me får lese om og hennar tilpasning på ny skule. Lia og Iris har eit meget tett forhold, og Lias ektemann, Harry, er bekymra for korleis det vil gå med han og dottera når Lia døyr. Det spesielle med denne romanen er at kreften har ein eigen stemme og er sjølve "jeget" i romanen.

På Goodreads er det delte meininger om romanen. Dei fleste hyller den opp i skyene, medan nokon syns den er merkelig. Eg henger med sistnemnte og skumma etter side 90 fordi eg tar ikkje kva som er så flott med Maps of Our Spectacular Bodies. Karakterene er flate, dei ulike skriftstilene irriterer meg og eg veit ikkje kven eg skal halde med når det gjelder medkjensle. Viss du vil lesa ein positiv anmeldelse av romanen gå til Beathe (ekstern lenke).

| Tittel: Maps of Our Spectacular Bodies | Utgitt: 2022 | Format: Innbundet, 509 sider | Forlag: Picador |

XOXO

søndag 13. mars 2016

Bok: "A Whole Life"


Forfatter: Robert Seethaler (f. 1966)
Originaltittel: Ein ganzes Leben, oversatt av Charlotte Collins
Utgitt: 2014
Min utgåve: 2015
Format: Kindle, 149 sider
Forlag: Picador

Den østerrikske forfattaren Robert Seethaler er eit ukjent namn for meg, men han har fire tidlegare romanar på samvittigheten, bur i Berlin og er skodespelar i tillegg til forfattar. Med romanen A Whole Life debuterer han i Booker-samanheng.

A Whole Life handler om Andreas Egger som heile livet bur i dei østerrikske alper. Som barn vart han foreldrelaus, og kjem til onkelen og familien hans. Onkelen er bonde og ein brutal mann, men det tar ikkje lang tid før Andreas blir sterk av alt arbeidet. Då han forlet onkelen får han jobb innan ingeniørfaget og hjelper til med montering av kabelvogner som skal frakte folk til fjells. Ved eit besøk på det lokale vertshuset treffer han Marie og ho blir hans store kjærleik. Livet farer ikkje lett hen for Andreas, og i løpet av 149 sider er det både glede og sorg, tunge tider og malende landskapsbilete.

A Whole Life er på knappe 149 sider (i andre utgåver har eg sett 160 sider), men Robert Seethaler skriver verkeleg eit heilt liv inn i disse sidene. Det er lågmælt og går ikkje fort avgårde, men det passer hovudpersonen utmerka. Romanen blir samanlikna med Ernest Hemingways The Old Man and the Sea og John Williams' Stoner, og eg er samd i dette. Eg har god lyst til å finne fleire Seethaler-romaner for å sjå om hans tidlegare bøker er like gode. Kan ein slik liten roman hevde seg i Booker-samanheng, og mot forfattere som Orhan Pamuk og Kenzaburõ õe? Tida vil vise. Anbefales!

Les gjerne anmeldelsen til Beathe.

XOXO

onsdag 2. september 2015

Booker-shortlist: "The Year of the Runaways"


Forfatter: Sunjeev Sahota (f. 1981)
Utgitt: 2015
Format: Ebok, 480 sider
Forlag: Picador
Mål/utfordringar: Bookerprisen

Den britiske forfatteren Sunjeev Sahota har indiske besteforeldre, men har sjølv vokst opp i Storbritannia. Debutboka, Ours Are the Streets, kom i 2011, og med The Year of the Runaways debuterte Sahota på Bookerprisens liste.

The Year of the Runaways handler om tre unge gutar som på kvar sin måte har emigrert frå India til Storbritannia. Dei har alle kvar sin familieskjebne og sine hemmeligheter, og på søken etter jobb i det nye landet blir dei stua saman med fleire andre som jobber på ein byggeplass. Romanen veksler mellom oppvekst i India og det nye livet i Storbritannia, og fortel i gode ord om kor vanskeleg det er å finne seg til rette i eit nytt land. Sunjeev Sahota har skrevet ein høgaktuell roman om menneskeskjebner og migrasjon, og om kor intenst dei unge gutane vil lukkas for å kunne forsørge familiane sine i India.

Denne romanen var ein av dei eg såg mest fram til då longlist vart publisert i slutten av juli, men forventningane vart ikkje innfridd. Eg syns den er rotete oppbygd, den veksler dårleg mellom fortid og nåtid, og eg kom aldri innpå karakterane. Mykje av dette kan ha samanheng med at eg las den på Kindle, men eg syns ikkje valg av format skal ha noko å seie for leseopplevinga. Sunjeev Sahota skriver forøvrig veldig bra, men eg skulle ynskje heilheten var betre. Eg har lest mykje positivt om denne boka, og det beviser nok ein gong at mennesker er ulike. Midt i boka fann eg eit sitat som eg måtte smile av for enden på sitatet blir nesten tittelen på ei tidlegare Booker-vinnande bok.
The doctor's mouth pursed up, then he said, 'I remember my father telling me that back in the day people wouldopen their houses to young men like you. To help you get started on this new life. That's all I'm doing.' He paused. 'Something happened a few years ago that made it clear to me that I'm only ever going to be a guest in this country. That it didn't matter how many garden parties I threw for my neighbours, this would never be my real home. It's important that a man has a sense of a real home. A sense of his own ending.'
XOXO

Andre anmeldelser: Linn.

mandag 23. september 2013

Booker-shortlist: "Harvest"

Forfatter: Jim Crace
Utgitt: 2013
Format: Ebok, 273 sider
Forlag: Picador
Mål/utfordringar: Ebookchallenge

Den engelske forfatteren Jim Crace er den eldste forfatteren på dette årets shortlist, og har sagt fleire gonger at Harvest blir hans siste bok. Han har vunnet fleire priser for sine bøker, og var på Bookers shortlist i 1997 med romanen Quarantine. Denne romanen er storfavoritt til å vinne Booker-prisen 15. oktober.

Harvest går føre seg i England på 1700-talet. Det er seinsommar, og kornet er klart til innhausting. Den lille bygda med sine 58 innbyggere der dei fleste er i slekt med kvarandre har ikkje fått eit namn. Det er ei hardtarbeidande bygd, men for tilflyttaren Walter var det eit himmelrike då han kom for mange år sidan. Walter har aldri blitt ein av dei andre sjølv om det ikkje har kome andre etter han. Den industrielle revolusjonen er på trappene saman med The Enclosure Act som fører til at land blir slått i hop på bekostning av den vanlige mannen versus godseigarane. I eit tidsspenn på 7 dager ser Walter bygda si falle i ruiner på grunn av skepsis til nye mennesker og tenkemåter.


Eg klarer ikkje å skriva noko veldig bra om denne romanen, rett og slett fordi eg følte eg kom aldri skikkeleg inn i den. Om du ser vekk frå sjølve beretningen til Walter Thirsk så er romanen nydeleg skrevet, og du kan nesten lukte det gule kornet. Harvest er like aktuell idag som den ville vært på 1700-talet på grunn av skepsis, mistanker og forskjeller mellom den som har mykje og den som har for mykje av det gode. Eg blir ikkje overraska om denne stikker av med heider og ære!

Linn syns ikkje at romanen tiltalte ho, men har skrevet ein hederleg omtale

XOXO