Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Månadsoppteljing. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Månadsoppteljing. Vis alle innlegg

søndag 30. november 2025

Månadslesing #126 | November i bøker

November var: Det har vore relativt travelt i november og litt for mykje informasjon skal inn i ein allereie overarbeida hjerne. Eg har vore så heldig at eg har deltatt på kurs i regi av Fagforbundet i tillegg til vanlege jobb-dagar, smultringkoking, julegavekjøping og diverse.

I november har eg lest:

* Henrik og Katarina Lange: Ibsen på en time (papir frå biblioteket)
* Chimamanda Ngozi Adichie: Mammas nattskjerf (papir frå hylla) OTS
* Tore Renberg: Øie=viise, 1720 og andre dikt (papir frå biblioteket)
* Jon Fosse: Skodespelet (papir frå biblioteket)
* Kjersti Anfinnsen: Dødsverk (papir frå biblioteket)
* Giorgio Vasari: Leonardo da Vinci (PLBC #58) (papir frå hylla) OTS
* Oscar Wilde: Lord Arthur Savile's Crime (PLBC #59) (papir frå hylla) OTS
* Shen Fu: The Old Man of the Moon (PLBC #60) (papir frå hylla) OTS
* Aesop: The Dolphins, the Whales and the Gudgeon (PLBC #61) (papir frå hylla) OTS
* Matsuo Basho: Lips too chilled (PLBC #62) (papir frå hylla) OTS
* Emily Brontë: The Night is Darkening Round Me (PLBC #63) OTS
* J.R.R. Tolkien: The Fellowship of the Ring (LOTR #1) (lyd frå Nextory)
* Joseph Conrad: To-morrow (PLBC #64) (papir frå hylla) OTS
* Richard Hakluyt: The Voyage of Sir Francis Drake Around the Whole Globe (PLBC #65) (papir frå hylla) OTS
* Kate Chopin: A Pair of Silk Stockings (PLBC #66) OTS
* Åsa Larsson: Fedrenes misgjerninger (Rebecka Martinsson #6) (papir frå biblioteket)
* Jens O. Simensen, Dagfinn og Mona Enerly: For 20 år siden - Den beste firkløveren (papir frå biblioteket)

I november fullførte eg ikkje og fortsetjer med:

* Charles Dickens: Bleak House (papir frå hylla)
* Thomas Hardy: The Return of the Native (lyd frå Nextory)
* Charles Dickens: The Letters of Charles Dickens - volume 1 1833-1856 (digitalt med kindle)

I november har eg kjøpt:

* Anecdotes of the Cynics (PLBC #124)
* H.C. Andersen: Juleeventyr
* William Blake: Tyger, Tyger (PLBC #89)
* Anton Chekhov: A Nervous Breakdown (PLBC #111)
* Emily Dickinson: My life had stood a loaded gun (PLBC #114)
* Therese G. Eide: Askeladdene og piken med svovelstikkene
* George Goodwin (red.): Christmas Traditions. A celebration of festive lore
* Kakuzo Okakura: The Book of Tea (PLBC #112)
* John Polidori: The Vampyre (PLBC #128)
* W.B. Yeats: A terrible beauty is born (PLBC #98)

I desember skal eg: Minst mogleg og sikkert ein heil del! Men ein ting veit eg: På Instagram har eg planlagt adventskalender med nynorske romaner. Så viss du som leser dette ikkje fylgjer @elidaleser så må du sporenstreks gjera det.

XOXO

fredag 31. oktober 2025

Månadslesing #125 | Oktober i bøker

Oktober var: Unnskyld meg, men i dag skriver me Halloween og i går var det 1. oktober, sant? Ettermiddagane blir mørkare, refleksvesten er på plass og te-koppane blir stadig djupare.

I oktober har eg lest: Lesegleden er det ingenting feil med, og i oktober har eg deltatt i Victobers 10-årsjubileum. Målet var å bli Dracula (fullføre bingo-kortet) og det gjekk med god margin.

* Karen Margrete Kilane og Hans Jørgen Sandnes (ill.): Kuriositetskabinettet (Familien von Humbug #2) (papir frå biblioteket)
* Charlotte Brontë, Anne Brontë, Emily Brontë og Patrick Branwell Brontë: Brontës Selected Poems (papir frå hylla) OTS
* Charles Dickens og Wilkie Collins: The Lazy Tour of Two Idle Apprentices (papir frå hylla) OTS
* James Edward Austen-Leigh m.fl.: A Memoir of Jane Austen and Other Family Recollections (papir frå hylla) OTS
* Elin Brend Bjørhei: Forbannelsen på Senja (Feriemysteriene #2) (papir frå biblioteket)
* Annie Ernaux: Tomme skap (papir frå biblioteket)
* David Szalay: Kjøtt (papir frå biblioteket)
* Elizabeth Gaskell: Lois the Witch (digitalt med kindle)
* Charlotte Brontë: Jane Eyre (papir frå hylla)
* Margaret Oliphant: Hester (digitalt med kindle)
* George MacDonald: Phantastes (digitalt med kindle)
* Lucinda Riley: Kjærlighetssangen (papir frå biblioteket)
* Thomas Hardy: The Hand of Ethelberta (lyd frå Nextory) 1001
* Charles Dickens: Complete Ghost Stories (papir frå hylla) OTS
* Charles Dickens: To Be Read at Dusk (PLBC #86) (papir frå hylla) OTS
* Sophocles: Antigone (PLBC #55) (papir frå hylla) OTS
* Ryunosuke Akutagawa: The Life of a Stupid Man (PLBC #56) (papir frå hylla) OTS
* Leo Tolstoy: How Much Land Does A Man Need? (PLBC #57) (papir frå hylla) OTS


I oktober fullførte eg ikkje og fortsetjer med:

* J.R.R. Tolkien: The Fellowship of the Ring (lyd frå Nextory)

I oktober har eg kjøpt:

* Anne Brontë: Agnes Grey
* Anne Brontë: The Tenant of Wildfell Hall
* Charlotte Brontë: Shirley
* Deborah Levy: Things I Don't Want to Know
* Deborah Levy: The Cost of Living
* Deborah Levy: Real Estate
* Agnes Ravatn: Doggerland

I november skal eg: Eg har lite planlagt, men skal nok finne på nokon sprell.

XOXO

onsdag 1. oktober 2025

Månadsoppteljing #124 | September i bøker

September var: Ein av dei travlaste månadane er lagt bak oss, og oktober er hjarteleg velkommen. Eg har vore på Kapittel-festival i Stavanger, deltatt i Readygoreads sakprosaseptember og vore på kurs med Fagforbundet. Innimellom der skal ein forsøke å trene, drikke kaffi og tene penger så slik går no dagan.

I september har eg lest: Det er ingenting gale med motivasjonen i alle fall, og har eg planlagt 16 bøker på bingobrettet til Malin så blir det slik.

* George Orwell: Derfor skriver jeg og andre tekster (papir frå hylla) OTS #sakprosaseptember
* Susan Sontag: On Photography (papir frå hylla) OTS #sakprosaseptember
* Umberto Eco: How to Spot a Fascist (papir frå biblioteket) #sakprosaseptember
* Janne Stigen Drangsholt og Therese G. Eide (ill.): Fra Snorre til Skaranger (papir frå hylla) OTS #sakprosaseptember
* Maria Philippa Rossi: Arktiske mysterier (papir frå biblioteket) #sakprosaseptember
* Hege Duckert: Katti Anker Møller - Å bestemme over livet (lyd frå Nextory) #sakprosaseptember
* Espen Aas: London langs tuben (papir frå hylla) #sakprosaseptember
* Tor Bomann-Larsen: Kongen (Haakon&Maud #8) (papir frå biblioteket) #sakprosaseptember
* Jeswanthiny Mayooran: Aldri god nok (papir frå biblioteket)
* Kristine Meek: Er det trygt å gå hjem nå? (papir frå biblioteket) #sakprosaseptember
* Emma Holten: Underskudd (papir frå biblioteket) #sakprosaseptember
* Cher: Cher The Memoir Part One (lyd frå Nextory) #sakprosaseptember
* Maria Parr: Oskar og eg - Alle tinga vi har (papir frå biblioteket)
* Vigdis Hjorth og Line Norman Hjorth: Kul i brystet - Året vi ble syke (papir frå biblioteket) #sakprosaseptember
* Ledia Xhoga: Misinterpretation (digitalt med kindle) BP
* Marilynne Robinson: Gilead (Gilead #1) (papir frå hylla)
* Alexander H. Sandtorv: Plastparadokset (papir frå hylla) OTS #sakprosaseptember
* Ingar Sletten Kolloen: Hamsun Erobreren (papir frå hylla) OTS #sakprosaseptember
* Kåre Reidar Aas: Diplomati i en verden som brenner (papir frå biblioteket) #sakprosaseptember
* Jon Fosse: Vaim (Vaim #1) (papir frå biblioteket)
* Sunniva Rose: Inn til kjernen (papir frå venninne) #sakprosaseptember
* Thomas Hardy: Far from the Madding Crowd (lyd frå Nextory)


I august fullførte eg ikkje og fortsetjer med:

* Karen M. Kilane og Hans Jørgen Sandnes (ill.): Kuriositetskabinettet (Familien von Humbug #2) (papir frå biblioteket)

I september kjøpte eg:

* Jørn Lier Horst: Den siste saken (WW #19)
* Thomas Mann: Trolldomsfjellet

I oktober skal eg: Victober er rett rundt hjørnet, og eg går sjølvsagt all-in der og med 9 bøker på 10 kategorier (den siste kategorien er ein form for leit-og-finn).

XOXO

søndag 31. august 2025

Månadsoppteljing #123 | August i bøker

August var: Dei første dagane av månaden var eg i København. Framleis nydeleg by, meget gode bokhandlere og god stemning. Elles har månaden bestått av møter, tilvenning av nye barn, trening og kaffi.

I august har eg lest:

* Tove Ditlevsen: Ansiktene (papir frå hylla) OTS
* Tove Ditlevsen: To som elsker hinannen (papir frå hylla) OTS
* Helga Flatland: Så gjør vi så (papir frå hylla) OTS
* Tore Renberg: Sovende floke (e-bok frå Nextory)
* Jonathan Buckley: One Boat (e-bok frå Nextory) BP
* Tore Renberg: Matriarkat (e-bok frå Nasjonalbiblioteket)
* Tove Jansson: Billedhuggerens datter (papir frå hylla) OTS
* Katie Kitamura: Audition (papir frå biblioteket) BP
* Anita Ness: Reis alene (papir frå biblioteket)
* Benjamin Markovits: The Rest of Our Lives (papir frå biblioteket) BP
* Claire Keegan: I seneste laget - Historier om kvinner og menn (papir frå biblioteket)
* Claire Keegan: Småting som dette (papir frå biblioteket)
* Claire Keegan: Tre lys (papir frå biblioteket)
* Leïla Slimani: Jeg skal føre ilden videre (papir frå biblioteket)
* Thomas Hardy: A Pair of Blue Eyes (lydbok frå Nextory)

I august fullførte eg ikkje og fortsetjer med:

* Leila Xhoga: Misinterpretation (digitalt med kindle) BP
* Amanda James: The Midnight Bookshop (papir frå hylla) OTS

I august kjøpte eg:

* Sophie Austin: The Lamplighter's Bookshop
* Charlotte Brontë: Jane Eyre
* Emily Brontë: Wuthering Heights
* Brontës Selected Poems
* Ann Helen Kolås Ingebrigtsen: På ein skala frå éin til ti
* Amanda James: The Midnight Bookshop
* Jen Mouat: The Bookshop of New Beginnings
* Friedrich Nietzche: Why I Am so Clever (PLBC #102)
* Edgar Allan Poe: A Modern Detective (PLBC #93)
* Alexander H. Sandtorv: Plastparadokset
* William Shakespeare: Is this a dagger which I see before me? (PLBC #113)
* Virginia Woolf: Flush (PLBC #120)

I september skal eg: I morgon starter min favorittmånad - september! Eg skal lese sakprosa, delta på Kapittel (litteraturfestival i Stavanger), på kurs med Fagforbundet, og drikke kaffi.

XOXO

torsdag 31. juli 2025

Månadsoppteljing #122 | Juli i bøker

Juli var: Halve jobb og halve ferie. Det er noko eget å ha ferie utan planer. Eg har trent ein del, sykla, leika gartner i hagen hjå mine foreldre (meget praktisk når far har traktor så eg kan bare dumpe hageavfallet i hengeren), drukket altfor mykje kaffi og lest altfor mange bøker.

I juli har eg lest: Eg har deltatt i Jane Austen July og fullførte alle kategoriene, og lest fleire gode bøker.

* Marilynne Robinson: Huset ved broen (papir frå hylla) OTS
* Thomas Hardy: Desperate Remedies (lyd frå Nextory)
* Rebecca Romney: Jane Austen's Bookshelf (papir frå hylla) OTS
* Mary Wollstonecraft: Letters Written in Sweden, Norway and Denmark (papir frå hylla) OTS
* Jo Baker: Huset Longbourn (papir frå biblioteket)
* Anne Louise Morseth: En lykkelig slutt (papir frå biblioteket)
* Jane Austen: Northanger Abbey (papir frå hylla)
* Thomas Hardy: Under the Greenwood Tree (lyd frå Nextory)
* Jane Austen: Persuasion (papir frå hylla)
* Jane Austen: Juvenilia (papir frå hylla) OTS
* Marcel Proust: Veien til Swann (På sporet av den tapte tid #1) (lyd frå Nextory) 1001
* Linea Maja Ernst: Kun til navlen (papir frå hylla) OTS
* Tove Ditlevsen: Ungdom (digitalt med kindle) 
* Tove Ditlevsen: Gift (digitalt med kindle)

I juli fullførte eg ikkje og fortsetjer med:


I juli har eg kjøpt: Sa nokon at det er Jane Austens 250-årsjubileum i år, og eg har gått litt berserk i Jane Austen-bøker i ferien? Eg måtte bare ha same utgiver på alle romanene, pluss eit par andre bøker.

* Jane Austen: Sense and Sensibility
* Jane Austen: Pride and Prejudice
* Jane Austen: Emma
* Jane Austen: Mansfield Park
* Jane Austen: Persuasion
* Jane Austen: Northanger Abbey
* Jane Austen: Juvenilia
* Jane Austen: Selected Letters
* James Edward Austen-Leigh: A Memoir of Jane Austen and Other Family Recollections
* Avery Hayes (red.): Life Lessons from Jane Austen
* A Jane Austen Year. Celebrating 250 Years of Jane Austen

* Linea Maja Ernst: Kun til navlen
* Helga Flatland: Så gjør vi så
* Fire kvindelige pionerer (øskje med noveller)

I august skal eg: I skrivande stund er eg i København, og blir her nokre dagar til. Ellers ingenting planlagt.

XOXO

mandag 30. juni 2025

Månadsoppteljing #121 | Juni i bøker

Juni var: Etter ei veke med ferie var det herlig å kome tilbake på jobb. Den første sommarmånaden har så langt bestått av dei fleste vértypar, og det er like store deler glede som skuffelse alt etter kva slags uteklede ein skal ha på. Det er lite som skjer elles, men det vart ein tur på Gladmat-festivalen i Stavannger i går ettermiddag.

I juni har eg lest: Legg merke til alle bibliotek-bøkene. Eg hadde ti-tolv andre bøker og frå biblioteket, men endte opp med å levere alle uleste. Eg vart stressa av dei, og med andre planer for neste månad så måtte noko ut.

* Abraham Jiménez Enoa: Å lande i verden (papir frå biblioteket)
* Andrea Rudland Haave: Sytten, snart atten (papir frå biblioteket)
* Caroline Darian: Jeg kaller deg ikke lenger pappa (papir frå biblioteket)
* Therese Garshol Syversen: Eg skal rive deg i filler (papir frå biblioteket)
* Jørn Øyrehagen Sunde: Har eg rettstryggleik? (papir frå biblioteket)
* Jon Fosse: Vinter (papir frå biblioteket)
* Selva Almada: Vinden som legger øde (papir frå biblioteket)
* Sanne Mathiassen: Mia har forlatt chatten (papir frå biblioteket)
* Herberto Helder: Kvinner springande, springande (papir frå biblioteket)
* Liv Lundberg: Liv (papir frå biblioteket)
* Taran L. Bjørnstad: Tjuefire sju (papir frå biblioteket)
* Brynjulf Jung Tjønn: Kva tenker du på? (papir frå biblioteket)
* Itamar Vieira Junior: Min søsters stemme (papir frå biblioteket)
* Tim Winton: Juice (lyd frå Nextory)

I juni fullførte eg ikkje og fortsetjer med: Eg er med i ei Discord-gruppe som leser Thomas Hardy sine romaner, og i juni har det vore hans debutroman, Desperate Remedies. Eg begynte på kindle, og leser nå vekselvis med lyd/kindle, så heilt ferdig blir eg ikkje før juli og ny roman. I tillegg så har eg og ei bookstagram-venninne begynt på Prousts sju-bindsserie, og den begynte eg på i papirform og nå høyrer på lyd. 

* Thomas Hardy: Desperate Remedies (digitalt med kindle/lyd frå Nextory)
* Marcel Proust: Veien til Swann (På sporet av den tapte tid #1) (lyd frå Nextory) 1001
* Marilynne Robinson: Huset ved broen (papir frå hylla) OTS

I juni har eg kjøpt:

* Marilynne Robinson: What are We Doing Here? Essays
* Dr. Annette Dragland: Hele deg. Veien til bedre helse
* Rebecca Romney: Jane Austen's Bookshelf. The Women Writers Who Shaped a Legend

I tillegg plukka eg med meg gratis bøker til mi venninne frå biblioteket, og fant denne til meg

* Marguerite Duras: Demning mot Stillehavet

I juli skal eg: Eg skal ha sein ferie i år, så skal jobbe 14 dagar inn i juli. Eg har lovt meg vekk som gartner i hagen til mor og far, også reiser eg til København i slutten av månaden. Dagen før kjem langlista til Booker-prisen som alltid er eit høgdepunkt. Håper det kjem nokon gode bøker på den som kan vera med på tur. I tillegg så er det årets happening, Jane Austen July, og eg skal som vanleg delta. Utfordringane er som fjorårets, men satser på eit par av Austens romaner eg ikkje las i fjor, og noko nytt til dei andre utfordringane.

XOXO

lørdag 31. mai 2025

Månadsoppteljing #120 | Mai i bøker

Mai var: Mai er den kjekkaste månaden for den som er glad i nasjonaldagen. Ungane er drilla i marsjering, tog-gåing og kvifor me feirer nasjonaldagen. Veret har spelt på lag så når det vart jærvind igjen så kunne ingen forstå at me måtte tilbake til dress og utebukser. I tillegg har eg hatt ei veke ferie med innlagte avtaler, og plutseleg er det juni i morgon.

I mai har eg lest:

* Vincenzo Lattronico: Perfection (digitalt med kindle) IBP
* Niels Fredrik Dahl: I fjor sommer (papir frå biblioteket)
* Johan Harstad: Under brosteinen, stranden! (papir frå biblioteket)
* Niels Fredrik Dahl: Henrik og Emilie (papir frå biblioteket)
* Jeanette Semb: Strandhotellet (Skjærgårdsliv, #1) (papir frå biblioteket)
* Jeanette Semb: Kvinnen i vinduet (Skjærgårdsliv, #2) (papir frå biblioteket)
* Mone Celin Skrede: Mi høgre hand - Mot ein identitet som funksjonshemma (papir frå biblioteket)
* Ray Bradbury: Fahrenheit 451 (papir frå biblioteket)
* Jens Kihl: Blakk (papir frå biblioteket)
* Karl Ove Knausgård: Min kamp 1 (lyd frå Nextory)
* Alexander Kielland Krag: Ikke se nå (papir frå biblioteket)
* Stine Hanssen Brattland: Innanfor. Utanfor. Men alltid autist (papir frå biblioteket)

I mai fullførte eg ikkje og fortsetjer med:

* Thomas Hardy: Desperate Remedies (digitalt med kindle)

I mai har eg kjøpt: 

* Tove Ditlevsen: Ansiktene
* Tove Ditlevsen: To som elsker hinannen

I juni skal eg: Ingenting planlagt.

XOXO

torsdag 1. mai 2025

Månadsoppteljing #119 | April i bøker

April var: Travel og ein meget bra månad! Eg har vore ei langhelg i Krakow på styreseminar, så kom påska med sykkelturer og med jakke og sko-vér så er alle fornøgde.

I april har eg lest:

* Annie Ernaux: Den andre datteren (papir frå biblioteket)
* Karl Ove Knausgård: Ute av verden (lyd frå Nextory)
* Sally Field: In Pieces (lyd frå Nextory)
* Charlotte Brontë: Villette (papir frå hylla) 1001 OTS
* Karl Ove Knausgård: En tid for alt (lyd frå Nextory)
* John Steinbeck: The Grapes of Wrath (papir frå hylla) 1001 OTS
* Jo Nesbø: Minnesota (papir frå venninne)
* Kaja Gjersem Nygaard: En sterkere tro (Martha Krogh #2) (papir frå biblioteket)
* Gerald Murnane: Slettene (papir frå biblioteket)
* Jonna Björnstjerna: Den utrolige Vrimleskogen (Den fantastiske familien Kanin #1) (papir frå biblioteket)
* Niels Fredrik Dahl: På vei til en venn (papir frå biblioteket)

I april fullførte eg ikkje og fortsetjer med:

* Vincenzo Latronico: Perfection (digitalt med kindle)
* Karl Ove Knausgård: Min kamp 1 (lyd frå Nextory)

I april har eg kjøpt:

* Ruth Ozeki: Timecode of a Face
* Susan Sontag: On Photography
* Donna Tartt: The Little Friend

* Chimamanda Ngozi Adichie og Joelle Avelino (ill.): Mammas nattskjerf
* Tor Åge Bringsværd og Anne G. Holt (ill.): Karsten og Petra feirer id
* George Orwell: Derfor skriver jeg og andre tekster

I mai skal eg: Heller lite eg har planer om, men skal ha ei veke ferie heilt i slutten.

XOXO

tirsdag 1. april 2025

Månadsoppteljing #118 | Mars i bøker

Mars var: Eg syns nettopp det var slutten på februar, men her er me igjen. Mars har vore seige på mange vis, men med fleire høgdepunkter. Det absolutt store høgdepunktet er at norsk fotball er i gang igjen, og eg gler meg stort til kamper på stadion.

I mars har eg lest:

* Christian Kracht: Faserland (Faserland #1) (papir frå biblioteket)
* Michael J. Fox: Lucky Man (lyd frå Nextory)
* Astrid H. Roemer: On a Woman's Madness (digitalt med kindle) IBP longlist
* Solvej Balle: Om uttregning av romfang I (papir frå biblioteket) IBP longlist
* Christian Kracht: Eurotrash (Faserland #2) (papir frå biblioteket) IBP longlist
* Cora Sandel: Kranes konditori (papir frå hylla) OTS
* Hiromi Kawakami: Så den store fuglen ikke tar deg (papir frå biblioteket) IBP longlist
* Martin Tilrem: Et jentebarn (papir frå biblioteket)
* Don DeLillo: Underverden (lyd frå Nextory) 1001

I mars fullførte eg ikkje og fortsetjer med:

* Karl Ove Knausgård: Ute av verden (lyd frå Nextory)
* Charlotte Brontë: Villette (papir frå hylla) OTS
* Sally Field: In Pieces (lyd frå Nextory)
* Jo Nesbø: Minnesota (papir frå venninne)

I mars har eg kjøpt:

Brukt frå Løvås bruktbu:

* Karen Blixen: Syv fantastiske fortellinger
* Said about Ibsen - by Norwegian writers
* Tone Selboe: Karen Blixen
* Virginia Woolf: Orlando

Nye frå Norli:

* Emily Brontë: Stormfulle høgder
* Christian Krogh: Albertine
* Gaston Leroux: The Phantom of the Opera
* Rosa Luxemburg: Om revolusjon
* Thomas Mann: Døden i Venezia og to andre noveller
* John Steinbeck: The Grapes of Wrath

I april skal eg: Langlista til den internasjonale Booker-prisen kjem 8. april. Eit par dager seinare reiser eg utanlands for helga. Så kjem påska og eg håper på sykkel- og lesevér.

XOXO

fredag 28. februar 2025

Månadsoppteljing #117 | Februar i bøker

Februar var: Den kortaste månaden i året er øyeblikk over, og den har vore så fin. Fleire byturar med kulturelt innhald, både litterært og musikalt. Matilda på Rogaland teater var absolutt høgdepunktet.

I februar har eg lest: Leselysta er så som så, og Goodreads klager på at eg er fleire bøker bak skjema. Det tar eg ikkje så tungt for kjem alltid ajour igjen :-)

* Nino Haratischwili: Det åttende livet (til Brilka) (papir frå hylla) OTS
* Jean-Baptiste Del Amo: Sønner (papir frå biblioteket)
* Neige Sinno: Trist tiger (papir frå biblioteket)
* Frida Isberg: Merking (papir frå biblioteket)
* Asta Olivia Nordenhof: Penger på lomma (papir frå biblioteket)
* Han Kang: Dette er ikke farvel (papir frå hylla) OTS
* Josh Brolin: From Under the Truck - A Memoir (lyd frå Nextory)
* Heidi Sævareid, Kristin Linnesholm og Håvard Heggenhougen (ill.): På dypet (Serafin Krekks mysterier #1) (papir frå biblioteket)

I februar fullførte eg ikkje og fortsetjer med:

* Michael J. Fox: Lucky Man (lyd frå Nextory)
* Jo Nesbø: Minnesota (papir frå venninne)

I februar har eg kjøpt:

* Fyodor Dostoyevsky: White Nights (PLBC #118)
* Rainer Maria Rilke: Letters to a Young Poet (PLBC #103)
* Oscar Wilde: Only Dull People are Brilliant at Breakfast (PLBC #119)

* Lars, Kari og Ola Bremnes: Når du går
* Katti Anker Møller: Moderskapets frigjøring
* Thomas Seltzer: Amerikansk karmageddon

I mars skal eg: Langlista til den internasjonale Booker-prisen kom ut for få dagar sidan og den skal eg prøve å kome gjennom.

XOXO

fredag 31. januar 2025

Månadsoppteljing #116 | Januar i bøker

Januar var: I motsetning til mange andre eg kjenner så syns eg ikkje januar har vart i 326 dager for eg liker mørketida i januar. Men ingen regel utan unntak for eg jubla inni meg då eg gjekk ut av treningssenteret kvart over fem i går ettermiddag og det var ikkje nattsvart. I andre nyheter driver eg og rydder i skap og skuffer, utfordrer formen på trening, og ser ein spennande vår i vente med mykje jobb-greier.

I januar har eg lest: Eg har lest lite til å vera meg, men når du har kasta deg over ein roman på 1150 sider så blir det lite tid til andre romaner og bøker. I ein samtale med ein bookstagrammer så kom det fram at det eg får ikkje grøsninger av mursteiner, men eg får grøsninger av tanken på kor mange bøker eg kunne ha lest den tida eg har brukt på mursteinen. Men den mursteinen må fint bli med over til neste månad.

* Johann Hari: Tryllesprøyten - De utrolige fordelene og urovekkende farene ved den nye slankemedisinen (papir frå biblioteket)
* Jon Fosse: Teaterstykke 3 (papir frå biblioteket)
* Rune Christiansen: Betydningsfulle detaljer - Essay og notater (papir frå biblioteket)
* Frode Johansen Riopelle: Vinden fra det dype sør - En reise i amerikansk rasisme (papir frå biblioteket)
* Patrick Modiano: Danserinnen (papir frå biblioteket) NP
* Henrik Ibsen: Gildet på Solhaug (papir frå hylla) OTS
* Henrik Ibsen: Catilina (papir frå hylla) OTS
* J.M. Coetzee: I det mørke landet (papir frå hylla) 1001 OTS NP
* Halldor Laxness: Sin egen herre (lyd frå Nextory) 1001 NP

I januar fullførte eg ikkje og fortsetjer med:

* Jo Nesbø: Minnesota (papir frå venninne)
* Nino Haratischwili: Det åttende livet (til Brilka) (papir frå hylla) OTS

I januar har eg kjøpt:

* Nino Haratischwilli: Det åttende livet (til Brilka)
* Jhumpa Lahiri: Fortellinger fra Roma

I februar skal eg: I slutten av februar kjem langlista til den internasjonale Booker-prisen, men fram til det skal eg lese ferdig Haratischwili og finne enda fleire bøker i bokhylla.

XOXO

tirsdag 31. desember 2024

Månadsoppteljing #115 | Desember i bøker

Desember var: Det er alltid kjekt å jobba med barn når jula nærmer seg. Frokosten er full av prat om rampenisser, adventskalender, julegåveønskjer og diverse. Gruppa mi har lest Pulverheksa og Julenissen og den er spennande både for liten og stor. Eg er ikkje så julete sjølv, så at januar nærmer seg passer meg heilt ypperlig.

I desember har eg lest: Eg har lest litt av alt, men må trekke fram memoarene til Kelly Bishop, og sakprosaen Nytten og gleden. Totalt ulike bøker, men så gode leseopplevingar.

* Kelly Bishop: The Third Gilmore Girl (lyd frå Nextory)
* Julia Donaldson og Victoria Sandøy (ill.): Juletreet (papir frå hylla) OTS
* Julia Donaldson og Axel Scheffler (ill.): Pinnemann (papir frå biblioteket)
* Dr Maria Mjaaland Sele: Den lille store filosofen og den store tanken (papir frå biblioteket)
* Karen M. Kilane og Hans Jørgen Sandnes (ill.): Mirakelpulveret (Familien von Humbug #1) (papir frå biblioteket)
* Odd Nordstoga: Spelemann (papir frå biblioteket)
* Mahmona Khan og Camilla Billett (ill.): Desember (papir frå biblioteket)
* Niels Fredrik Dahl: I fjor var litt av en natt (papir frå biblioteket)
* Niels Fredrik Dahl: Fluenes gate (papir frå biblioteket)
* Niels Fredrik Dahl: Branngater (digitalt frå NB)
* Federico García Lorca: Dikter i New York (papir frå biblioteket)
* Niels Fredrik Dahl: Antecedentia (papir frå biblioteket)
* Niels Fredrik Dahl: Journalisten (papir frå biblioteket)
* Niels Fredrik Dahl: Min tredje muskel (papir frå biblioteket)
* Hilde Østby: Jeg elsker Dickens (papir frå biblioteket)
* Helene Uri og Tuva Synnevåg (ill.): Veien gjennom vinterskogen (papir frå biblioteket)
* Herborg Kråkevik (red.): Juleroser 2024 (papir frå hylla)
* Elisabeth Thorsen (red.): Julenatt 2024 (papir frå hylla)
* Angela Merkel: Freedom - Memoirs 1954-2021 (lyd frå Nextory)
* Hans D. Høeg: Vår mann i Washington (papir frå biblioteket)
* Kjerstin Aukrust, Trude Kolderup og Geir Uvsløkk: Nytten og gleden. Fransk litteratur gjennom tusen år (papir frå hylla) OTS
* Ingvild Hegge Eriksen: Dette forandrer alt (papir frå biblioteket)

I desember fullførte eg ikkje og fortsetjer med:

* Jon Fosse: Teaterstykke 3 (papir frå biblioteket)
* Johann Hari: Tryllesprøyten (papir frå biblioteket)

I desember har eg kjøpt: Eg har ikkje kjøpt noko for eg ønska meg spesifikke bøker til jul, så under juletreet låg det nokon bøker.

* Maja Lunde og Lisa Aisato (ill.): Solvokteren (Årstidskvartetten #2)
* Tore Rem: Ironisk nok
* Prinsessan Christina fru Magnuson: Joséphine : avlägsen i tid – men nära mig

I januar skal eg: Eg tenker meg på ei rekke forfatterarrangement, så får tiden vise kva som faktisk skjer.

XOXO

søndag 1. desember 2024

Månadsoppteljing #114 | November i bøker

November var: Fort gjort!

I november har eg lest: Eg har gjort ferdig fleire bøker eg har hatt på lista lenge, og kasta nokon bøker på båten då dei ikkje fenger akkurat nå. Garman & Worse har eg lest saman med Sølvberget bibliotek, og det har vore så kjekt. Nå ser eg fram til å lese fortsettelsen Skipper Worse.

* Charles Dickens: Dombey and Son (lyd frå Nextory)
* Per Dybvig: De står i kø (papir frå biblioteket)
* Kjersti Synneva Moen: Selma gjør så godt hun kan (papir frå biblioteket)
* Alexander L. Kielland: Garman & Worse (papir frå hylla) OTS
* Yael van der Wouden: The Safekeep (lyd frå Nextory)
* Jan Arild Snoen: Trump og fascismen (papir frå biblioteket)
* Toni Morrison: Dukke i bek (papir frå biblioteket)

I november fullførte eg ikkje og fortsetjer med:

* Kelly Bishop: The Third Gilmore Girl (lyd frå Nextory)

I november har eg kjøpt:

* Julia Donaldson: Juletreet

I desember skal eg: Kjøpe resten av julegavene, kose meg med juleting og glede meg saman med ungane som har snakka om jul i fjorten dagar allerede.

XOXO

torsdag 31. oktober 2024

Månadsoppteljing #113 | Oktober i bøker

Oktober var: Plutseleg her, og plutseleg over!

I oktober har eg lest: Legg merke til antall bøker for dette skjer kvar gong eg "over-leser" ein månad så leser eg lite neste månad. Oktober er Victober-månad med fokus på britiske og irske bøker gitt ut i dronning Victorias tid, og eg har brukt all min tid og energi på det. Dei viktorianske forfatterne evna sjelden å skriva korte bøker, og i skrivande stund er eg i innspurten av Charles Dickens' Dombey and Son. Kvar oktober så blir eg minna på kor godt eg liker den perioden av britisk litteratur, og tar med meg gleden inn i november.

* Ketil Raknes: Hvit makt - USAs rasistiske historie (papir frå biblioteket)
* Amalie Skram: Professor Hieronimus (papir frå hylla) OTS
* Elizabeth Gaskell: Mary Barton (digitalt med kindle) 1001
* Oscar Wilde: The Importance of Being Ernest (digitalt med kindle)
* Elizabeth Gaskell: The Grey Woman and Other Tales (digitalt med kindle)


I oktober fullførte eg ikkje og fortsetjer med:

* Charles Dickens: Dombey and Son (digitalt med kindle)
* Alexander L. Kielland: Garman & Worse (papir frå hylla) OTS
* Yael van der Wouden: The Safekeep (lyd frå Nextory)
* Toni Morrison: Dukke i bek (papir frå biblioteket)
* Ann Radcliffe: The Mystery of Udolpho (digitalt med kindle) 1001
* James Joyce: Ulysses (papir frå hylla) 1001 OTS

I oktober har eg kjøpt:

* Janne Stigen Drangsholt og Therese G. Eide: Fra Snorre til Skaranger. 66 norske klassikere du naturligvis har lest
* Nini Roll Anker: Benedicte Stendal
* Bjørnstjerne Bjørnson: Fortellinger og dikt
* J.M. Coetzee: Elizabeth Costello
* C.S. Lewis: Mere Christianity
* Cora Sandel: Kranes konditori

I november skal eg: Eg følger ivrig med på det amerikanske valet, og det blir nokon interessante veker i november medan amerikanerne bestemmer kven som vinner valet. Elles er det fleire litterære priser som deles ut, og bøker som skal leses.

XOXO

mandag 30. september 2024

Månadsoppteljing #112 | September i bøker

September var: Varierte dagar og stort sett godt vér gjer godt, og med årets Kapittel i bagasjen så er det meste bra. Årets Kapittel gjekk av stabelen forrige helg, og med gode forfattere som Johan Harstad, Mimir Kristjansson og Tore Renberg på scenen så blir lesemotivasjonen opphøyd. Legg til gode kaffestunder, lunsj i sola og ein liten rant om diverse ting som skal vera usagt her på bloggen i lag med Marianne så vart dagen bra. I tillegg fekk eg oppfylt ønsket mitt om hotellrom i syvende etasje, og solnedgangen sist fredag var magisk.

I september har eg lest: Tradisjonen tru har eg gått inn i #sakprosaseptember med nebb og klør og er nå maks lei av sakprosa. Eg har til gjengjeld fylt bingobrettet til Malin pluss eit par ekstra bøker som ikkje fekk plass.

* Marta Breen og Jenny Jordahl (ill.): Aasta Hansteen og jakten på søsterskapet (papir frå hylla) OTS #sakprosaseptember
* Marta Breen og Johanne Hjorthol (ill.): - Får jeg ikke danse er det ikke min revolusjon - og andre feministiske sitater (papir frå hylla) OTS #sakprosaseptember
* Kjetil Røed: Fra punktum til kolon. Et essay om kritikk og kjærlighet (papir frå hylla) OTS #sakprosaseptember
* Ingrid Z. Aanestad: Ein dag vaknar me og det er sommar (papir frå biblioteket)
* Margaret Atwood: On Writers and Writing (papir frå hylla) OTS #sakprosaseptember
* Ingar Sletten Kolloen: Svermeren (Hamsun #1) (papir frå hylla) OTS #sakprosaseptember
* Ingrid Z. Aanestad: Ida i Italia (papir frå biblioteket)
* Helene Uri: Jeg naken drakk (papir frå biblioteket) #sakprosaseptember
* Kine Albrigtsen, Marthe Christine Bay, Mari Svenbalrud og Therese G. Eide (ill.): Når det ikke går over - En håndbok for og av kronisk syke (papir frå biblioteket) #sakprosaseptember
* Mímir Kristjánsson: Pabbi. En familiesaga om drukkenskap (papir frå biblioteket) #sakprosaseptember
* Katrine Wessel-Aas: Huset i Wimbledon (Winther og Ashmore #1) (papir frå biblioteket)
* Odd Karsten Tveit: Palestina. Israels ran, vårt svik (lyd frå Nextory) #sakprosaseptember
* Julie Valsø: Null stress! (papir frå biblioteket) #sakprosaseptember
* Maja Lunde: Skjerm barna (papir frå biblioteket)
* Abid Raja: Vår ære og vår frykt (digitalt med bookbites) #sakprosaseptember
* Anne Sverdrup-Thygeson: Skogen - Om trær, folk og 25000 andre arter (digitalt med bookbites) #sakprosaseptember
* Jane Austen: Emma (lyd frå Nextory)
* Tore Renberg: Lorden (papir frå biblioteket)
* Nils Henrik Smith: 11 meter - straffesparkets historie (lyd frå Nextory) #sakprosaseptember
* Lucinda Riley: Skjult skjønnhet (papir frå biblioteket)
* Svein Tore Bergestuen: Halvor Bakke - Mitt rom (lyd frå Nextory) #sakprosaseptember
* Kristina Ohlsson: Kristuskransen (Strindberg #4) (papir frå biblioteket)
* Thorbjørn Egner: Et selvportrett (papir frå biblioteket) #sakprosaseptember
* Hayley Morris: Meg mot hjernen (lyd frå Nextory) #sakprosaseptember
* Fredrik Græsvik: Skadeskutt. Et liv langs verdens frontlinjer (papir frå biblioteket)


I september fullførte eg ikkje og fortsetjer med:

* Charles Dickens: Dombey and Son (digitalt med kindle)
* Ketil Raknes: Hvit makt - USAs rasistiske historie (papir frå biblioteket)
* Alexander L. Kielland: Garman & Worse (papir frå hylla) OTS
* Yael van der Wouden: The Safekeep (lyd frå Nextory)
* Ann Radcliffe: The Mystery of Udolpho (digitalt med kindle) 1001
* James Joyce: Ulysses (papir frå hylla) 1001 OTS

I september har eg kjøpt:

* Alexander L. Kielland: Novelletter i utvalg
* Alexander L. Kielland: Skipper Worse
* Jørn Lier Horst: Tørt land (WW #18)

I oktober skal eg: Foreløpig svært lite, men så har eg fått nokon feriedagar denne månaden, og eg vurderer å reise vekk. Min første tanke var Oslo, men så tenkte eg Kristiansand fordi eg har lyst til å besøke Kunstsiloen. Men Bergen og Trondheim er og fin. Og kanskje blir det ingen av dei, og eg held meg heime og leser bøker istadenfor.

XOXO

lørdag 31. august 2024

Månadsoppteljing #111 | August i bøker

August var: Halvparten ferie, halvparten jobb. Det er godt å vera i gang med faste ting som kvardag og helg, trening og fritid.

I august har eg lest: Som alltid litt av alt! Eg har nokon prosjekt på gang, men ekorn-lesaren hopper litt fram og tilbake, men blir alltid ferdig til slutt.

* Samantha Harvey: Orbital (lyd frå Nextory) BP
* Lars Vik: Lille Henrik (papir frå biblioteket)
* Nina M. Schjønsby: Gi meg alt hva du kan. Forloren Skildpadde av Camilla Collett og Emilie Diriks (papir frå biblioteket)
* J.D. Vance: Hillbillyens klagesang (papir frå biblioteket)
* Toni Morrison: Sangen om Salomon (papir frå biblioteket) NP
* Henrik Ibsen: Peer Gynt (papir frå hylla) OTS
* Percival Everett: James (lyd frå Nextory) BP
* Anne Michaels: Held (papir frå biblioteket) BP
* Ingrid Z. Aanestad: I dag er ein fin dag (papir frå biblioteket)
* Ingrid Z. Aanestad: Eg kjem med toget (papir frå biblioteket)
* Ingrid Z. Aanestad: Stormkyss (papir frå biblioteket)
* Ingrid Z. Aanestad: Sol, seier ho (papir frå biblioteket)
* Charlotte Wood: Stone Yard Devotional (lyd frå Nextory) BP
* Ingrid Z. Aanestad: Sibylle (papir frå biblioteket)

I august fullførte eg ikkje og fortsetjer med:

* Ingrid Z. Aanestad: Ein dag vaknar me og det er sommar (papir frå biblioteket)
* Yael van der Wouden: The Safekeep (lyd frå Nextory)
* Ann Radcliffe: The Mystery of Udolpho (digitalt med kindle) 1001
* Jane Austen: Emma (lyd frå Nextory)
* James Joyce: Ulysses (papir frå hylla) 1001 OTS

I august har eg kjøpt: Ingen, men eg har fått ei bok.

* Alexander L. Kielland: Garman & Worse (fått frå Sølvberget)

I september skal eg: Kapittel-fest i by'n og #sakprosaseptember. I morgon er det september og haust som er mi favoritt-årstid!

XOXO

onsdag 31. juli 2024

Månadsoppteljing #110 | Juli i bøker

Juli var: Sommerbarnehage først, ferie etterpå! Eg har vore ei veke i København der skritt-statistikken er uendeleg, eg har gått meg vilt minst ein gong per dag og nok ein gong forelska meg i København.

I juli har eg lest: Eg har deltatt i leseutfordringane #janeaustenjuly og #solbokreiser. Det gjekk ganske greit med begge, og eg er godt fornøgd med resultatet. Elles har eg oppdaga at eg sakner Jane Austen så eg tar ho med meg inn i august.

* Natalia Ginzburg: De små dyder (papir frå biblioteket) #solbokreiser
* Monika Helfer: Pakk (papir frå biblioteket) #solbokreiser
* Katrine Engberg: Glassvinge (Kørner og Werner #3) (lyd frå Nextory)
* Hans-Magnus Ystgaard: Noreply (Kompass-serien) (papir frå biblioteket)
* Jane Austen: Sense and Sensibility (papir frå hylla) #janeaustenjuly
* Herta Müller: Pustegynge (papir frå biblioteket) #solbokreiser
* Sara Stridsberg: Kjærlighetens Antarktis (lyd frå Nextory) #solbokreiser
* Yeva Skalietska: Dere vet ikke hva krig er. Dagboka til en ung ukrainsk jente (papir frå biblioteket) #solbokreiser
* Irene Solà: When I Sing, Mountains Dance (lyd frå Nextory) #solbokreiser
* Jane Austen: The Watsons (lyd frå Nextory) #janeaustenjuly
* Jane Austen: Sanditon (lyd frå Nextory) #janeaustenjuly
* Simone de Beauvoir: De uadskillelige (lyd frå Nextory) #solbokreiser
* Kristin Tveiten: Nålehuset (papir frå hylla/leseeksemplar) OTS #solbokreiser
* Fleur Jaeggy: Jeg er broren til XX (papir frå biblioteket) #solbokreiser
* Jane Austen: Lady Susan (papir frå hylla) #janeaustenjuly
* Petra Hulová: Alt dette tilhører meg (papir frå biblioteket) #solbokreiser
* James Edward Austen-Leigh: Memoir of Jane Austen (digitalt med kindle) #janeaustenjuly
* Tove Ditlevsen: Barndom (København-trilogien #1) (digitalt med kindle) #solbokreiser
* Jane Austen: Pride and Prejudice (lyd frå Nextory) #janeaustenjuly)
* J. Sheridan le Fanu: Carmilla (digitalt med kindle)
* Jan-Erik Fjell og Jørn Lier Horst: Skriket (Markus Heger #1) (papir frå biblioteket)
* Paul Auster: Baumgartner (papir frå biblioteket)

I juli fullførte eg ikkje og fortsetjer med:

* Ann Radcliffe: The Mystery of Udolpho (digitalt med kindle) 1001
* Jane Austen: Emma (lyd frå Nextory)
* James Joyce: Ulysses (papir frå hylla) 1001 OTS

I juli har eg kjøpt: Svært lite, men eg kjem tydeligvis ikkje unna Mary Shelley uansett kor eg reiser. Og rojalisten måtte jo ha kongen av Danmark heim.

* Mary Shelley: Matilda
* Frederik 10. fortæller til Jens Andersen: Kongeord

I august skal eg: Lese Booker-bøker (langlista kom i går), ha meir ferie og etterkvart begynne på nytt barnehageår.

XOXO

søndag 30. juni 2024

Månadsoppteljing #109 | Juni i bøker

Juni var: Den har vore varm og klam, og då varmen endeleg slapp taket var eg den som jubla. Det er nemlig ikkje så greit å frese til ungane fordi du sjølv ikkje toler så mykje varme. I andre nyheter så går fotball-EM sin seiersgang frå Tyskland, og eg er ein av dei som ser fotball på seine kvelder.

I juni har eg lest: Leselysta har ikkje tatt kvelden i varmen, tvert imot. Eg er jo og av dei som leser medan eg ser TV, og med så lite mål i EM så blir det mykje lesing.

* Fredrik Lilleby: Norges fremste Thomas Mann-ekspert (papir frå biblioteket)
* Erling A. Westgaard Flote: Utveg (papir frå biblioteket)
* Katrine Engberg: Blodmåne (Kørner og Werner #2) (lyd frå Nextory)
* Scholastique Mukasonga: Den barbeinte kvinnen (papir frå biblioteket)
* S.A. Cosby: Alle syndere blør (papir frå biblioteket)
* Therese Bakkevoll: Tallboy (papir frå biblioteket)
* Øyvind Berg: Sommeren med Balder (papir frå biblioteket)
* Erlend Skjetne: Alt som skranglar (papir frå biblioteket)
* Mazdak Shafieian: Skinnende døde (papir frå biblioteket)
* Mikael Niemi: Koke bjørn (papir frå biblioteket)
* Linda Eloise Pedersen: Den kvelden vi ble ekte (papir frå biblioteket)
* Susanne Mørk: Det fraværende (papir frå biblioteket)
* Henry James: The Figure in the Carpet (PLBC #49) (papir frå hylla) OTS
* Wilfred Owen: Anthem for Doomed Youth (PLBC #50) (papir frå hylla) OTS
* Wolfgang Amadeus Mozart: My Dearest Father (PLBC#51) (papir frå hylla) OTS
* Plato: Socrates' Defence (PLBC #52) (papir frå hylla) OTS
* Christina Rossetti: The Goblin Market (PLBC #53) (papir frå hylla) OTS
* Anonym: Sindbad the Sailor (PLBC #54) (papir frå hylla) OTS
* Jette F. Christensen: Demokratiet, det er oss. 10 sårbarheter i verdens beste folkestyre (papir frå biblioteket)
* Alex Ahndoril: Jeg lukker øynene og ber (Nyckelserien #2) (papir frå biblioteket)
* Tsitsi Dangarembga: Alt jeg ikke er (papir frå biblioteket)
* Colm Tóibín: Long Island (papir frå biblioteket)
* Henrik Ibsen: Sancthansnatten (digitalt)
* Susann Stave: Hva skjedde med maten vår? (papir frå biblioteket)

I juni fullførte eg ikkje og fortsetjer med:

* J. Sheridan le Fanu: Carmilla (digitalt med kindle)
* Katrine Engberg: Glassvinge (Kørner og Werner #3) (lyd frå Nextory)
* James Joyce: Ulysses (papir frå hylla) 1001 OTS

I juni har eg kjøpt:

* Sir Arthur Conan Doyle: Den greske tolken og andre Sherlock Holmes-erindringer

I juli skal eg: Jobbe eit par veker til før eg skal ha sommarferie. Lesemaratonet #janeaustenjuly starter i morgon, også har eg halvveis planlagt ein leseutfordring frå Solum Bokvennen med emneknagg #solbokreiser. Mogleg eg har tatt meg vatn over hodet, men det vil visa seg etterkvart. Langlista til Booker-prisen kjem 30.07 så det passer ypperleg!

XOXO

fredag 31. mai 2024

Månadsoppteljing #108 | Mai i bøker

Mai var: Månaden har vore i overkant varm, og me gjekk frå vinterdress til kortbukser nærmast over natta. Skogbrannfaren har vore stor i min kant av landet, men dei siste dagers regn bør ha hjulpet. Eg har vore på klassikerlørdag med Janne Stigen Drangsholt og Tomas Gustafsson og diskutert Middlemarch, og på teatersalong med same Janne pluss illustratør Therese G. Eide. På teatersalongen var den kompliserte barnelitteraturen tema i forbindelse med teaterets oppsetning av Matilda. Eg har og vore ca 30 timer i Oslo med Folketeaterets oppsetning av Sound of Music som hovudmål.

I mai har eg lest: Og der var eg tilbake til eit høgt antall bøker ferdigstilt på ein månad, og eg ser med glede på bøkene som har kome frå eiga bokhylle.

* George Eliot: Middlemarch (papir frå hylla) 1001 OTS
* Henrik Ibsen: Fru Inger til Østråt (papir frå hylla) OTS
* Christian Strand: Hva hvis. Min reise for å finne meg selv (papir frå biblioteket)
* Tsitsi Dangarembga: Nervøse tilstander (papir frå biblioteket) 1001
* Nora Ikstena: Morsmelk (papir frå biblioteket)
* Anne Rice: Interview with the Vampire (papir frå hylla) 1001 OTS
* John le Carré: Spionen som kom inn fra kulden (George Smiley #3) (lyd frå Nextory)
* Frode Grytten: Den dagen Nils Vik døde (papir frå biblioteket)
* Jon Fosse: Einkvan (papir frå biblioteket)
* Henrik Ibsen: Bygmester Solness (papir frå hylla) OTS
* Amalie Skram: Constance Ring (papir frå hylla) OTS
* Susanna Clarke: Piranesi (papir frå biblioteket)
* Jeanette Winterson: Ikke bare appelsiner (papir frå hylla) 1001 OTS
* Toni Morrison: Sula (papir frå hylla) 1001 OTS
* Samuel Pepys: The Great Fire of London (papir frå hylla) OTS
* Edith Wharton: The Reckoning (papir frå hylla) OTS
* Amalie Skram: Sjur Gabriel | To venner (papir frå hylla) OTS
* Amalie Skram: S.G. Myre (papir frå hylla) OTS
* Jules Verne: Reisen til jordas indre (papir frå hylla) 1001 OTS
* Amalie Skram: Avkom (Hellemyrsfolket #4) (papir frå hylla) OTS
* Selva Almada: Not a River (papir frå biblioteket) IBP
* Ingvill Hekne: Vi fødte aldri de barna (papir frå biblioteket)
* Salman Rushdie: Kniv - Refleksjoner etter et drapsforsøk (papir frå biblioteket)
* Toni Morrison: De blåeste øyne (papir frå biblioteket) 1001

I mai fullførte eg ikkje og fortsetjer med:

* Katrine Engberg: Blodmåne (Kørner og Werner #2) (lyd frå Nextory)

I mai har eg kjøpt:

* J.M. Coetzee: Stranger Shores. Essays 1986-1999
* Amalie Skram: Avkom (Hellemyrsfolket #4)
* Amalie Skram: Lucie
* Mary Wollstonecraft: Letters written in Sweden, Norway and Denmark
* Virginia Woolf: Indiskresjonaer og andre essay

I juni skal eg: Ingenting spesielt planlagt, men sitter sjelden stille.

XOXO

tirsdag 30. april 2024

Månadsoppteljing #107 | April i bøker

April var: Iskald! Eg tåler lite vind for eg blir så stiv i marg og bein (og spesielt i fingrane) og denne våren har så langt vore utfordrande for stive fingrer og vonde hender. 

Alexander L. Kielland er 175 år i år, og Sølvberget feirer heile året. Eg har vore på klassikerlørdag med Alexander L. Kiellands tippoldebarn, Tatjana Kielland Samoilow. Ho snakka om geografi i Kiellands bøker. Sist helg var eg i by'n på salgsutstilling av og med illustratør Lisa Aisato. Det vart meget hyggeleg då eg for det første anbefalte ei av Aisatos bøker til min nye venninne i køen (eg snakker med folk i kø og overalt), for så å finne ut at Lisa Aisato visste kven eg var. Eg hadde kvelden før funne ut at det er 10 år sidan eg traff Lisa Aisato på bokbloggerprisutdeling i Oslo, men i løpet av ti år har eg blogga og instagramma (og har eit namn ikkje mange har) som gjorde at då eg sa namnet mitt i signeringskø så visste ho det frå før.

I april har eg lest: Eg leser Middlemarch for tida, og den tar opp ganske mykje tid og energi. Leselista for april ser dermed slik ut, men satser på å vera tilbake i normalt gjenge i mai.

* Cathrine Sandmæl: Jenter (papir frå biblioteket)
* Henrik Ibsen: Kongs-emnerne (papir frå hylla) OTS
* Kiran Desai: Tapets barn (papir frå biblioteket) 1001
* Alexander Kielland Krag: Aldri bedre (papir frå biblioteket)
* Tore Renberg: Aktivisten. Et essay om Christian Thomasius og hans tid (papir frå biblioteket)
* Jon Fosse: Teaterstykke 2 (papir frå biblioteket)
* Arne Garborg: Småstubber | Bondestudentar (papir frå biblioteket)
* Karoline Brændjord: Jeg vil våkne til verden (papir frå biblioteket)

I april fullførte eg ikkje og fortsetjer med:

* George Eliot: Middlemarch (papir frå hylla) 1001 OTS
* Anne Rice: Interview with the Vampire (papir frå hylla) 1001 OTS
* John le Carré: Spionen som kom inn fra kulden (George Smiley #3) (lyd frå Nextory)
* Hwang Sok-Yong: Mater 2-10 (digitalt med kindle) IBP

I april har eg kjøpt:

* Henrik Ibsen: Kongs-emnerne

I mai skal eg: Klassikerlørdag med Middlemarch som tema. Professor og forfatter Janne Stigen Drangsholt og Sølvberget-bibliotekar Tomas Gustafsson skal snakke om romanen. Helga etter skal eg ein liten tur til Oslo og blant anna sjå Sound of Music på Folketeateret.

XOXO