Den britiske forfatteren Sophie Mackintosh (f. 1988) har med sin debutroman
The Water Cure landa ein plass på Man Booker Prize longlist. Ho har tidlegare vunnet priser for noveller, og har blitt publisert i magasiner som
Granta og
TANK.
The Water Cure handler om søstrene Grace, Lia og Sky som bur på ei øde øy saman med ei kvinne kun referert til som Mother. Grace, Lia og Sky fortel litt om kvarandre om livet på øya, men med lydboka var det ikkje så enkelt å skilje mellom jentene. Søstrene gjennomgår ulike ritualer for å rense seg og for å få beskyttelse frå mennenes verd. Faren i huset, King, har til og med spent opp piggtrådgjerde rundt eigedomen for å halde uvedkommende utenfor. Så forsvinner King - og bobla dei alle lever i på øya slår store sprekker ...
Det første som slo meg etter ein liten time er Atwood-vibbene. Dystopisk stemning i lassevis, men det igrunnen umulig å beskrive stemninga i huset. Er det virkelighet eller rein fantasi? Kva veit Mother og King om verda utenfor som dei ikkje har fortalt søstrene? Og er dei søstre, og i tilfelle barna til Mother og King (mogleg eg har gått glipp av noko i lydboka)? Kom dei frivillig eller vart dei bortført frå resten av verda?

Underveis i boka får eg opp spørsmåla om kor dette skal ende og kor det begynte. Spørsmåla blir ikkje færre etter bokas slutt, og muligens er dette Sophie Mackinstoshs mål med boka. Å få deg til å tenke over moglege farer i den o store verda. Eg har sett meir enn nok amerikanske krimserier til å bli litt mistenksom til denne boka og til begrepet kult. Er King leiaren av ein kult? Språket er uansett nydelig og poetisk, og eg som har høyrt lydboka må og rose innleseren. Lydboka har forøvrig blitt debattert, og enkelte som begynte med lydboka gjekk over til ebok. Eg pleier vanlegvis ikkje høyre bøker med meir enn ein innleser (til dags dato har eg høyrt eit høyrespel i mitt liv), men det fungerer så lenge eg ikkje bryr meg om kven som "snakker" nå.
The Water Cure byr ikkje på kjappe sceneskift og actionscener - her er det glidende overganger og til tider er den så pinlig stillesittende at eg lurer på om det har stoppet opp. Den er for spesiell til å overses, så lykke til!
| Utgitt: 2018 | Format: Lydbok lest av Morfydd Clark, Gemma Whelan og Hannah Murray, 7t10min12sek | Forlag: Penguin, Hamish Hamilton |
XOXO
Andre anmeldelser:
*
Marianne hjå ebokhyllami
*
Linn hjå denharjeglest