Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Nikolaj Gogol. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Nikolaj Gogol. Vis alle innlegg

søndag 12. mai 2024

3 x Penguin Little Black Classics | Gogol, Pepys og Wharton


#46 The Nose er ein absurd og satirisk historie om ein mann som vakner opp ein dag utan nase. Den andre historien The Carriage er ein like absurd og morosam historie. Den ukrainske forfatteren Nikolai Gogol skreiv fleire gode historier, blant anna romanen Dead Souls. The Nose las eg første gong i 2016, og saman med sistnemnte roman har dei fått plass på 1001 bøker-lista.

#47 The Great Fire of London er engelske Samuel Pepys utdrag av dagboksnotater frå bybrannen i London i september 1666. Notatene var opprinneleg skrevet i kode, og i dag er Pepys best kjent for sine dagbøker. Eg siterer frå Pepys Goodreads-biografi: "The detailed private diary he kept during 1660–1669 was first published in the nineteenth century, and is one of the most important primary sources for the English Restoration period. It provides a combination of personal revelation and eyewitness accounts of great events, such as the Great Plague of London, the Second Dutch War and the Great Fire of London."

#48 The Reckoning  er to historier frå amerikanske Edith Wharton. The Reckoning tar for seg ukonvensjonelle ekteskap medan Mrs Manstey's View handler om ei einsam enke. Dette er gode kvinneportretter, og Whartons påfølgende romaner er ikkje dårlegare.


XOXO

| Forfattere: Nikolai Gogol, Samuel Pepys og Edith Wharton | Utgitt: 1836, 1669, 1891, 1902 | Format: Hefta, ca 50 sider | Forlag: Penguin Classics | 

torsdag 14. mai 2015

Bok: "Døde sjeler"

Forfatter: Nikolaj Gogol (1809-1852)
Utgitt: 1842
Min utgåve: 2004
Oversetter: Erik Egeberg
Format: Innbundet, 384 sider
Forlag: Solum
Mål/utfordringar: 1001 bøker, Større geografisk spredning, Back to the Classics

Denne utgåva av Døde sjeler er den første som er gitt ut komplett på norsk. Forfatteren, Nikolaj Gogol, vart fødd i det som i dag er Ukraina, og Døde sjeler er eit av hovudverka i russisk litteratur.

Døde sjeler går føre seg i eit samfunn som Peter den store skapte i byrjinga av det 18. århundre. Hovudpersonen, Tsjitsjikov, reiser frå gods til gods for å kjøpe opp "døde sjeler". Det er ein get rich fast-metode, og lukkas han med oppkjøp er planen å samla ein fiktiv formue og pantsetta alt. På sin veg møter Tsjitsjikov fleire merkelege karakterer,og felles for alle er at dei har opplevd at mange i landsbyane deira har falt frå, og enkelte er villige til å selge sine døde sjeler til Tsitsjikov. Korleis det går med svindleren vår til slutt er ikkje godt å vite då romanen ikkje vart fullført av Gogol.

I utgangspunktet var denne romanen på klassiker-utfordringa i kategorien Forgotten Classic, men då eg oppdaga at eg hadde tatt feil av ratings og reviews på Goodreads vart den flytta til A Humorus or Satirical Classic. Det betyr at eg er halvvegs i utfordringa med 7/12 kategorier lest. Døde sjeler er ifølge baksideteksten en drepende satire over den menneskelige natur og livet i Russland under tsarregimet. Nikolaj Gogol karikerer sitt persongalleri så forskjellig og overdriver dei ulikes personligheter så mykje at eg humra og smilte overbærande fleire gonger på Tsjitsjikovs ferd. I første bind møter me den søtladne Manilov, den engestelige og sparsommelige enkefru Korobotsjka, grobianen Sobakevitsj, gnieren Plusjkin og rabagasten Nozdrjov. I annet bind møter me matmonsen Petuch, superbyråkraten Kosjkarjov, og Chlobujev og hans forfalne gods. Disse ulike karakterene gjer at Gogols hovudverk på nesten 400 sider ikkje kjennes verken tungt eller vanskelig, og glir lett avgårde.

Kven veit kva som kunne ha skjedd med vår hovudperson om Gogol hadde fullført. Det er det ingen som veit og i etterordet, skrevet av Erik Egeberg, blir det fortalt at etter første bind var publisert strevde Gogol med annet bind resten av livet. Til slutt vart det brent, og Gogol avgikk ved døden ikkje lenge etter. Annet bind inneheld fire ufullstendige kapitler som vart nedskrevne i ettertid sidan Gogol hadde hatt fleire opplesninger og manuskript liggjande rundt.

XOXO