Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Fjodor Dostojevskij. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Fjodor Dostojevskij. Vis alle innlegg

mandag 19. februar 2024

3 x Penguin Little Black Classics | Cavafy, Dostoyevsky og Flaubert


#43 Remember, Body... er greske dikt som er skrevet over ein periode på 36 år, mellom 1897 og 1933. Constantinos P. Cavafy var ein gresk poet som i denne diktsamlinga skreiv om nostalgia og begjær på ein meget smakfull måte.

#44 The Meek One er ein kort historie frå russeren Fyodor Dostoyevsky. Historien er basert på ein nyhetssak frå St. Petersburg og handler om ein mann som langsomt driver si kone til sjølvmord. Eg tenker det er flaks eg veit at Dostoyevsky står bak romaner som Crime and Punishment og The Brothers Karamazov for The Meek One var ikkje ein høydare.

#45 A Simple Heart er den franske forfatteren Gustave Flauberts mest kjente korte verk. Historien fortel om livet til ei hushjelp og papegøyen hennar. Det var ingen høydare og eg satser på at Flauberts roman Madame Bovary er fleire hakk betre.


XOXO

| Forfattere: C.P. Cavafy, Fyodor Dostoyevsky og Gustave Flaubert | Utgitt: 1933, 1876, 1877 | Format: Hefta, ca 50 sider | Forlag: Penguin Classics |

onsdag 25. oktober 2017

BTTC 2017: "Opptegnelser fra et kjellerdyp"

Forfatter: Fjodor Dostojevskij (1821-1881)
Originaltittel: Записки из Подполья, omsett av Gunnar Opeide
Utgitt: 1864
Min utgåve: 2002
Format: Lydbok lest av Axel Aubert, 4t33min54sek
Forlag: Solum

Den russiske forfatteren Fjodor Dostojevskij er mest kjent for romanen Forbrytelse og straff, men har og skrevet romanen Brødrene Karamazov. Opptegnelser fra et kjellerdyp er min andre Dostojevskij-roman, men blir neppe den siste. Romanen er lest i forbindelse med Back to the Classics-utfordringa i kategorien Russian Author sidan det er 100 år sidan den russiske revolusjon.

Kjellermennesket, som romanen og er kjent for i norsk oversettelse, meiner han er ond, sjuk og fråstøytande. I sitt kjellerrom beskriver han sitt liv, sine tanker og sin fremtid i kjelleren på ein underfundig måte. Romanen er såvidt 100 sider lang, men rommer eit vell av filosofiske tanker og romanen er eit skilje i forfatterens bibliografi. Eg trur det er eit enten eller om du liker romanen eller ei, men det første eg tenkte på under høyringa av Opptegnelser fra et kjellerdyp var Knut Hamsuns Sult.

Sistnemnte roman vart utgitt nesten 30 år seinare, men Knut Hamsun var inspirert av Dostojevskij, og då er det ikkje så rart at eg tenkte på Sult. Opptegnelser fra et kjellerdyp var ein interessant andre-Dostojevskij, men eg må nok ha eit par romaner til før eg gjer meg opp ei meining om den russiske forfatteren.

XOXO

tirsdag 26. mai 2015

Bokhyllelesing 2015: "Spilleren" (#4)

Forfatter: Fjodor Dostojevskij (1821-1881)
Originaltittel: Игрок
Utgitt: 1867
Min utgåve: 1967
Format: Heftet, 163 sider
Forlag: Gyldendals Lanterne-serie

Eg har lest min første Dostojevskij-roman og det var absolutt ikkje som å lese Tolstoj, men eg har forstått at Dostojevskij er litt tyngre. Forfatteren har fleire romaner på samvittigheten, og den mest kjente er nok Crime and Punishment. Spilleren er lest i forbindelse med Heddas bokhyllelesing.

Ifølge baksideteksten er Spilleren den mest direkte selvbiografiske av Dostojevskijs romaner. Den handler om ein fattig russisk huslærer og hans kjærleik til den lidenskapelige Polina. Handlingen foregår i Tyskland, og Aleksej Ivanovitsj er overbevist om at ein stor sum penger kan gjere sitt til at Polina vil bli hans. I det øyeblikket Ivanovitsj gjer sitt inntog i rulettens verd er han solgt, og besatt av demoner i form av spelelidenskap. Romanen er full av vanskelege russiske namn, og fargerike karakterer som generalen Ivanovitsj er ansatt hos; den nemnte Polina; ei kul bestemor som alle vil arve og fleire gjester på hotellet og i spelesalen.

Eg fant aldri tonen med denne romanen, men det betyr ikkje at den er dårleg. Det er ein studie i psykologi, og Dostojevskij er ikkje nådig i sin beskrivelse av kor fort ein kan få spelegalskap. Heilt grei roman, men eg håper andre Dostojevskij-romaner er hakket betre.

XOXO