Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Press. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Press. Vis alle innlegg

lørdag 18. februar 2023

"Stjernenes knitring" av Jón Kalman Stefánsson

Jón Kalman Stefánsson (f. 1963) er fødd og oppvokst i Keflavik og flytta seinare til Reykjavik på Island. Han er ein høgt akta forfatter blant lesere og kritkere i inn-og utland. Fleire gonger har han vore nominert til Nordisk råds litteraturpris, og i 2017 var romanen Fiskene har ingen føtter på langlista til den internasjonale Booker-prisen. Stjernenes knitring er hans fjerde roman, men den åttende til å bli omsett til norsk.

I Stjernenes knitring møter me familien frå oldebarnets synsvinkel. Eg-personen fortel om sine oldeforeldre, sine besteforeldre og sine foreldre og deira respektive kjærleikshistorie. Han har sittet hjå bestemora og høyrt alle historiene - alle trådene som binder familien saman. Sjølv mista han mora som sju-åring, og ein dag kjem ei framand dame - stemora - ut frå farens soverom. Det later til at det ikkje blir starten på eit godt vennskap mellom gutt og stemor, men det skrives lite om det. Oldemor og oldefars historie derimot er interessant då oldemor var sytten og oldefar førti år då dei møttes i eit lite kvistværelse. Sommaren vart heitt på mange måter! Det som mange gonger pleier å vera mitt lodd i livet er at bøker ikkje er kronologiske. Her forsvinner den tanken i språket, og det er ikkje så farleg om eg ikkje alltid henger med på kven det er som opplevde kva. Eg vil bare lese vidare.
Lastebilen ligger tett etter en kullsvart bil. De puttet en kiste inn i denne bilen, kisten var i kirken, moren min ligger i den kisten. En gang løp hun rundt sammen med meg blant tuene ovenfor en by som heter Reykjavik. Hun skulle ha dunket i kistelokket, vi skulle åpnet og sluppet henne ut. Vi skulle ha reist hjem og spist pannekaker og kremkjeks fra Frón. (s. 98-99)
Jón Kalman Stefánsson er eit forfatter-namn som har låge i bakhodet mitt i årevis. Venner både på og utanfor bookstagram har lest og anbefalt den islandske forfatteren. Det gnistrer i språket, humoren er til tider merkelig og burlesk, og romanen rommer ein skildring frå eit barnesinn. Eg har ikkje (ennå) lest andre bøker av Stefánsson, men det skal eg gjera noko med. Nå forstår eg kvifor denne forfatteren er så verdsatt, og blant norske lesere. Anbefales!

XOXO

| Originaltittel: Snarkið í stjörnunum | Utgitt: 2003 | Norsk utgåve: 2020, omsett av Tone Myklebost | Format: Innbundet, 216 sider | Forlag: Press | 

onsdag 5. september 2012

Bok: "Ulvetid"

Forfatter: Hilary Mantel
Originaltittel: Wolf Hall
Utgitt: 2009
Min utgåve: 2010
Oversetter: Hege Mehren, MNO
Format: Innbundet
Forlag: Press
Frå: Biblioteket

Baksidetekst: Han er sønn av en smed, han er Englands nest mektigste mann. Thomas Cromwell er bølle og sjarmør, humanist og slåsskjempe, melankoliker og politisk geni. Folk viker unna ham. Tragedien leder ham fram til Henrik 8s side. Sammen vil de bryte alle lover for å skape et nytt England.

Med 6 dager til Bookerprisens Longlist blir annonsert var det på tide og lese Booker-vinneren frå 2009. Hilary Mantel er nominert i år og, og det med oppfølgeren til Ulvetid. Ganske imponerande!

Eg er over middels interessert i kongelege, og er stor tilhenger av monarki i dei europeiske landa. Dronning Elizabeth av Storbritannia har nyss feira 60 år på trona, dronning Margrethe av Danmark har feira 40 år på trona, og i Noreg står monarkiet støtt. Monarkiet i Storbritannia har vore gjennom mange tidsaldre, og ein av dei mest kjente kongane må vere Henrik 8. Alle har høyrt om han som tok livet av sine 8 hustruer. Då eg plukka med meg denne boka på biblioteket ante eg ikkje at det var det boka handla om. Eg har aldri vore spesielt interessert i kong Henrik 8, Tudor-slekten, eller den prisbelønte serien The Tudors. Eit forsøk skulle den hvertfall få, men dessverre, det fins for mange bøker til at eg skal slite meg ut på den eine som ikkje fenger.

For all del, handlingen er bra, den er velskrevet og lettlest, men når det ikkje fenger så blir det ein del skumming. Thomas Cromwell virker som ein interessant mann, men det passer ikkje for meg. Hilary Mantel er som nemnt nominert til Booker-prisen med oppfølgeren Bring up the Bodies, men med mindre den blir nominert til Shortlist den 11. september, så blir den ikkje lest av meg.

Tilbake til biblioteket med deg!

XOXO